Første dagen handla om nye Vestland Bondelag, næringspolitisk program og saker som er viktige for lokallaga. Gjennom kafedialog og gruppearbeid fekk lokallagaleiarane komme med idear om alt frå regionmøte og leiarmøte til korleis valkrinsane skal vere i framtida. Både fylkesleiar Anders Felde og organisasjonssjef Merete Støfring frå Sogn og Fjordane Bondelag var med oss i møtet.

Før middag møtte dei nye lokallagsleiarane fylkesstyret for å bli betre kjent. Under middagen stod deltakarane sjølv for underhaldinga, meir eller mindre frivillig.

Fredag starta med Anders Sæleset som er nominert til Årets unge bonde. Han snakka om arbeidet på garden der han og kona Randi tar i mot barn som treng ein alternativ skuledag. Dei arrangerte også eit vellukka "Kyraslepp/ Open gard for ¨å vise fram landbruket og profilere samvirket.

Knut Byrkjenes Hauso frå fylkesstyret og Per Harald Agerup frå Norges Bondelag snakka om "meir frukt og grønt i vest, kva må til?".

Frøydis Haugen, 2. nestleiar i Norges Bondelag hadde eit tankevekkande innlegg om HMS. Det var også tid til å "Bygge Bondelaget" der lokallaget kom med innspel til korleis lokallagsarbeidet kan verte betre.