I desse korona-tider er spørsmålet om sjølvforsyning og matberedskap sett på dagsordenen. I klimadebatten kjem målet om auka matproduksjon i konflikt med nokre av forslaga til løysinger. Eit av tiltaka i rapporten Klimakur 2021-2030, er redusert kjøttproduksjon. Tiltaket vil føre til ein reduksjon i norsk matproduksjon på 40 % færre norske sauer og lam, 70 % færre ammekyr og 40 % færre griser i Noreg i 2030. Det vil få store konsekvensar for sysselsettinga i landbruket og industrileddet, samt negative ringverknader i service- og tenesteverksemd.

Landbruket har nyleg lagt fram ein klimaplan med åtte hovudpunkt. Planen viser korleis vi kan redusere klimagassutslepp og auke karbonopptaket ved å betre matproduksjonen.

Her kan du sjå landbruket sin klimaplan.

Hardanger Folkeblad har intervjua nestleiar i Hordaland Bondelag, Knut Byrkjenes Hauso, om klimasatsinga. Han seier mellom anna at grøntproduksjonen er ein av nøklane, og at innovasjon og teknologi er viktig. - Eg ser to vegar for oss; anten må maskinparken tilpassast spesialnæringane, eller så må me gjera noko med jorda og landskapet for å kunne ta i mot nye maskinar, robotar, GPS og anna spesialisert reiskap. Me må vera tilpassa det som kjem. Det er inga grunn til å venta. Me må leggja til rette, me veit kva veg det går.

Du kan lese meir av intervjuet i Hardanger Folkeblad nr 45, eller i nettutgåva av Kvinnheringen.

Klimakur 2021-2030 er på høyring, og Hordaland Bondelag og Sogn og Fjordane Bondelag har sendt brev til alle kommunane i Vestland der vi oppmodar til å ta omsyn til landbruket sine eigne løysingar og klimaplan i utforminga av høyringssvar til rapporten.