Kurset tek føre seg:
•Sertifiseringsordninga for brannvern ved varme arbeid
•Regelverk, sikkerheitsforskrift og arbeidsinstruks
•Brann- og sløkkjeteori
•Risiko ved utføring av varme arbeid
•Praktisk slokking
•Eksamen

Varme arbeid er arbeid med utstyr som kan gje gneistar eller varme nok til å tenne ein brann. Den som utfører arbeidet skal ha innsikt i brannrisiko og syte for at det ikkje oppstår brann.

Forsikringsselskapa stiller krav til sertifikat for utføring av varme arbeid. Det gjeld også bønder på eigen gard og for brannvakt.

Dei 26 deltakarane på kurset på Voss fekk òg høve til å vere med på litt av fagdagen "Trafikkreglar og presisjonslandbruk" som vart arrangert same dag.

Les meir om kursa på nettsida til Norsk Landbruksrådgiving vest.

Frå kurset på Voss 21. mars. Foto Lars Istad

Kurset inneheldt både teori og praksis. Foto Charlotte Joys.

Kursdeltagarar på Voss. Foto Charlotte Joys.

Kurset på Huglo 10. mars. Foto Charlotte Joys