Jan Bangen er advokat og fagsjef kurs i Norges Bondelag. Han er ein populær og kunnskapsrik foredragshaldar som er kjend for å halde gode kurs.

Norges Bondelag har bestemt at alle fysiske samlingar med over 20 deltakarar som er planlagt fram til påske, vil verte avlyst eller utsett. Det er usikkert korleis situasjonen vil vere etter påske, så Hordaland Bondelag har avgjort at vi vil utsetje kurset. Vi kjem med ny dato når det er forsvarleg å halde arrangement.

 

Eigedomsoverdraging og pensjonering kan føre til utfordringar både juridisk, skattemessig og personleg. Du skal følgje lovverket, samtidig som du skal planleggje eige liv og gardens framtid. Korleis få til ei best mogleg løysing for alle partar?

Bondelaget inviterar til seniorkurs for bønder i alderen 50+ som skal overdra eller selje garden, eller som skal halde fram å forvalte garden, men avvikle drifta.

Kurset tek føre seg gardsoverdraging med skattereglar, arvereglar med ny arvelov, framtidsfullmakter, reglane om formuesforholda mellom ektefelle, samlivsavtale og ektepakt, særeige og felleseige, kårytingar, odel, konsesjon og anna som har direkte samanheng med gardsoverdraginga.

Det vert også fokus på pensjon etter folketrygda, AFP, uførepensjon, tidlegpensjon i jordbruket og private pensjonar. Andre tema er skattemessige forhold for pensjonisten og spørsmål rundt det å halde fram med arbeid som pensjonist. Dei menneskelege sidene ved ein eigendomsoverdraging er også med. Kurset er krydra med mange gode historiar frå verkelegheita samla opp gjennom lang erfaring på dette området av kurshaldar Jan Bangen.

 

Jan BangenDato: 22. april kl 10.00 - 17.00

Stad: Thon Hotel Sandven, Norheimsund

Kursavgift:1500 for medlemer i Bondelaget.
1700 kr for ikkje-medlemer.

Deltakaravgifta inkluderer to rettars lunsj.

Påmelding innan 22. mars til hordaland@bondelaget.no