Frå 15. oktober 2018 vart det opna for at personar som eig og/eller leiger landbrukseigedom kan få autorisasjon for å bruke enkelte gnagarmiddel. Vilkåra for å få ein slik autorisasjon er at ein:

  • Har gått på tilleggskurs for gnagarbekjemping og har bestått eksamen
  • Eig eller leiger ein landbrukseigedom
  • Har gyldig plantevernmiddelautorisasjon

Autorisasjonen skal nyttast til å bekjempe mus/rotter på eigen eller leigd landbrukseigedom, veksthus inngår i dette. Gnagarmiddel kan berre brukast i og rundt bygningar, ikkje for å beskytte plantar/avlingar i f.eks. åker. Kva preparat som vil vere omfatta av ordninga vil framgå på gnagarmidla sine etikettar.

NLR Vest har kurs både i Hordaland og i Sogn og Fjordane.

Kurskalender Norsk Landbruksrådgiving Vest.

Plantevernmiddel

NLR Vest arrangerer også kurs i plantevernmiddel for dei som ikkje tatt det før og for dei som treng å fornye autorisasjonsbeviset. Mattilsynet har har også eit nettbasert kurs for fornying av plantevernmiddelautorisasjon.

Fornyying av plantevernmiddelautorisasjon hos Mattilsynet