Fredag kom rapporten Klimakur-2030, der Miljødirektoratet, Statens vegvesen, Kystverket, Landbruksdirektoratet, Norges vassdrags- og energidirektorat og Enova har analysert potensialet for å redusere ikkje-kvotepliktige utslepp av klimagasser.

I rapporten vert redusert kjøttforbruk peika på som det viktigaste grepet for å få ned utsleppa frå landbruket. Fylkesleiar i Hordaland Bondelag, Peder Nernæs, seier i ein kommentar at me må skilje mellom utslepp frå biologiske, kortvarige grøne karbonsyklusar med fotosyntesen som basis, og fossile karbonutslepp.

- Gjennom klimaavtalen inngått i fjor har næringa forplikta seg til å kutte 5 millionar tonn CO2-ekvivalentar innan 2030. Dette skal vi gjere med mange ulike tiltak som betre agronomi, betre grovfôr, metanfangst i biogassanlegg, karbonfangst i jord og beite og utfasing av fossilt drivstoff. Utslepp frå husdyra skal reduserast ved hjelp av til dømes betre fôr og betre gjødselhandtering, ikkje ved å kutte i produksjonen.

Peder Nernæs