Kandidatar til den nasjonale kulturlandskapsprisen

Publisert 25.03.2020
  • Tips en venn om denne siden

Ordførar Solfrid Borge, Marta og Mekjell Meland, landbruksdirektør Åse Vaag og leiar i Hordaland Bondelag, Kjetil Mehl
Fruktbøndene Marta Bjørgum Meland og Mekjell Meland i Ullensvang fekk kulturlandskapsprisen i Hordaland i 2018.

Norsk Kulturarv skal også i år dele ut ein nasjonal kulturlandskapspris og treng forslag til gode kandidatar.

Kandidatane kan verte nominert av kommunen eller organisasjonar. Hordaland Bondelag tar gjerne i mot tips til kandidatar som driv aktivt landbruk. Har du andre kanidatar, kan du kontakte kommunen. Send e-post til hordaland@bondelaget.no. Frist for tips til oss er 17. april.

Her er kriteria:

  • Det skal vera gjort ein ekstra innsats for kulturlandskapet
  • Det skal bidra til heilheit og mangfald i/for kulturlandskapet
  • Det skal bevare og synleggjera kulturlandskapet
  • Det skal vera knytta til bærekraftig skjøtsel, aktivt landbruk og moderne drift av kulturlandskapet
  • Det skal auke tilgjengelegheita for allmennheita til kulturlandskapet
  • Det skal ha en læringseffekt om kulturlandskapet
  • Det skal forankre norsk kulturarv i kulturlandskapet
  • Det skal visast samanheng mellom natur og bygningar i kulturlandskapet
  • Det skal visast samanheng mellom kulturlandskap og verdiskaping

 

Velkomen til organisasjonskurs

Hordaland Bondelag inviterer til ein ny runde med organisasjonskurs for alle tillitsvalde i lokallaga. Første kurs er 18. februar klokka 18.00 i Grannehallen på Mundheim. Brita Skallerud skal vere kursleiar.

Regionmøte på Bordalen i 2014

Invitasjon til regionmøte

Styret i Hordaland Bondelag inviterer alle tillitsvalde i lokallaga til regionmøte. Møtet skal vere ein plass for dialog mellom styremedlemene i lokallaga og fylkesstyret.

Olav Bleie frå Alde sider vann kategorien Året Sider

To prisar til Hordaland i "Det Norske Måltid"

Det Norske Måltid er ei prestisjefylt prisutdeling der dei beste mat- og drikkeprodukta i Noreg konkurrerer i tolv kategoriar. Både Alde sider frå Nå og Homlagarden frå Norheimsund fekk pris under utdelinga i Stavanger.

Solveig Lilletvedt i fjøset

Unyansert og provoserende om kjøtt

Bonde Solveig Lilletvedt fra Framnes gård i Bergen svarer på reportasjen "Hvem vil være et svin i 2019?" fra 4. januar. Leserinnlegget sto på trykk i Bergens Tidende lørdag 12. januar.

Jørn Hafslund under Oste-VM i Bergen

Nytt frå Fylkesmannen

Her kan du mellom anna lese at Marta Bjørgum Meland og Mekjell Meland fekk kulturlandskapsprisen, om Bybonden og om verdas beste ost frå Fana.

Mus

Kurs for gnagarbekjemping

Bondelaget har jobba for at bønder skal kunne bruke gnagarmiddel på eigen gard. No er det lov dersom du har gyldig plantevernmiddelautorisasjon og har gått på kurs for gnagarbekjemping. Begge kursa kan du ta hos NLR.

Me har laga julekalender

Julekalender frå Sogn og Fjordane Bondelag

Tradisjonen tru har Sogn og Fjordane Bondelag laga julekalender. Denne gongen er det også med bønder frå Hordaland. Her får du eit lite glimt av det du har i vente frå 1. - 24. desember.

Alde sider fekk Bedriftsutviklingsprisen i landbruket

Olav Bleie, eplebonde frå Hardanger, fekk i går Bedriftsutviklingsprisen. - Olav Bleie har stått sentralt i arbeidet for å bygge opp Hardanger til ein siderdestinasjon, seier leiar av Innovasjon Norge Vestland.

Dette skjer i Hordaland Bondelag

Fredag
16
oktober

Ung Bonde-samling

Bergen

Våre samarbeidspartnere