Kandidatar til den nasjonale kulturlandskapsprisen

Publisert 25.03.2020
  • Tips en venn om denne siden

Ordførar Solfrid Borge, Marta og Mekjell Meland, landbruksdirektør Åse Vaag og leiar i Hordaland Bondelag, Kjetil Mehl
Fruktbøndene Marta Bjørgum Meland og Mekjell Meland i Ullensvang fekk kulturlandskapsprisen i Hordaland i 2018.

Norsk Kulturarv skal også i år dele ut ein nasjonal kulturlandskapspris og treng forslag til gode kandidatar.

Kandidatane kan verte nominert av kommunen eller organisasjonar. Hordaland Bondelag tar gjerne i mot tips til kandidatar som driv aktivt landbruk. Har du andre kanidatar, kan du kontakte kommunen. Send e-post til hordaland@bondelaget.no. Frist for tips til oss er 17. april.

Her er kriteria:

  • Det skal vera gjort ein ekstra innsats for kulturlandskapet
  • Det skal bidra til heilheit og mangfald i/for kulturlandskapet
  • Det skal bevare og synleggjera kulturlandskapet
  • Det skal vera knytta til bærekraftig skjøtsel, aktivt landbruk og moderne drift av kulturlandskapet
  • Det skal auke tilgjengelegheita for allmennheita til kulturlandskapet
  • Det skal ha en læringseffekt om kulturlandskapet
  • Det skal forankre norsk kulturarv i kulturlandskapet
  • Det skal visast samanheng mellom natur og bygningar i kulturlandskapet
  • Det skal visast samanheng mellom kulturlandskap og verdiskaping

 

Å kutte rødt kjøtt er en avsporing

Les i Bergens Tidende om Torgeir Lavik som er i ferd med å investere over åtte millioner kroner i storfe- og kalvekjøttproduksjon. Vi føler oss som klimasyndere, sier Lavik.

Storfe

Kjøtproduksjon i Vestland

Fylkesmannen i Vestland har laga ei oversikt over kjøtproduksjonen i Vestland. Figurane kan vere gode å ha når lokallaga driv med informasjonsarbeid.

Bergen Bondelag

Regionmøta

Det er klart for dei årlege regionmøta for alle tillitsvalde i lokallaga.

Tilslørte bondepiker

Aktive lokallagsmidlar

19 lokallag har søkt om aktive lokallagsmidlar. Styret vil hansame søknadane og fordele midlar i styremøtet 12. desember.

Lars Ingvald fekk Bedriftsutviklingsprisen

Lars Ingvald Folkedal og Astrid Lien Folkedal frå Granvin fekk Bedriftsutviklingsprisen i Hordaland. Han har på få år bygd opp ein vanleg vestlandsgard til ei allsidig verksemd som i dag teller omlag 6 årsverk.

Øyvind Sandvik og Bjarte Naterstad

Bjarte, Frode og Leif Arne gjekk av etter lang teneste

Det er fleire lokallagsleiarar som tar ein ny "runde" når ingen andre vil ta på seg vervet. Både Bjarte Naterstad og Frode Handeland har vore leiarar for andre gong. No takkar dei for seg. Leif Arne Lirhus gir seg også etter fleire verv lokalt og regionalt.

Dette skjer i Hordaland Bondelag

Fredag
16
oktober

Ung Bonde-samling

Bergen

Våre samarbeidspartnere