Kandidatar til den nasjonale kulturlandskapsprisen

Publisert 25.03.2020
  • Tips en venn om denne siden

Ordførar Solfrid Borge, Marta og Mekjell Meland, landbruksdirektør Åse Vaag og leiar i Hordaland Bondelag, Kjetil Mehl
Fruktbøndene Marta Bjørgum Meland og Mekjell Meland i Ullensvang fekk kulturlandskapsprisen i Hordaland i 2018.

Norsk Kulturarv skal også i år dele ut ein nasjonal kulturlandskapspris og treng forslag til gode kandidatar.

Kandidatane kan verte nominert av kommunen eller organisasjonar. Hordaland Bondelag tar gjerne i mot tips til kandidatar som driv aktivt landbruk. Har du andre kanidatar, kan du kontakte kommunen. Send e-post til hordaland@bondelaget.no. Frist for tips til oss er 17. april.

Her er kriteria:

  • Det skal vera gjort ein ekstra innsats for kulturlandskapet
  • Det skal bidra til heilheit og mangfald i/for kulturlandskapet
  • Det skal bevare og synleggjera kulturlandskapet
  • Det skal vera knytta til bærekraftig skjøtsel, aktivt landbruk og moderne drift av kulturlandskapet
  • Det skal auke tilgjengelegheita for allmennheita til kulturlandskapet
  • Det skal ha en læringseffekt om kulturlandskapet
  • Det skal forankre norsk kulturarv i kulturlandskapet
  • Det skal visast samanheng mellom natur og bygningar i kulturlandskapet
  • Det skal visast samanheng mellom kulturlandskap og verdiskaping

 

Midlar til bedriftsintern opplæring

Vestland fylkeskommune utlyser 11,4 millionar kroner til bedriftsintern opplæring for å imøtekome dei akutte behova for hjelp i næringslivet.

Det er mange utenlandske arbeidstakere i grøntproduksjonen.

Utenlandske arbeidstakere og koronaviruset

For å bremse spredningen av koronaviruset, innfører flere land nå restriksjoner på reiser. Dette kan ha stor innvirkning på produksjonen i landbruket, som har mange utenlandske arbeidere.

Spørsmål og svar om koronaviruset

Her har vi samlet relevant informasjon om landbruket og koronaviruset på ett sted så det skal bli lettere for deg å finne fram. Siden oppdateres fortløpende.

Frukthagen til Knut B. Hauso

Utanlandsk arbeidskraft og koronaviruset

Det kan verte store utfordringar framover for dei som nyttar utanlandsk arbeidskraft i produksjonen. Landbruks- og matdepartementet er kjent med saka og vil ta tak i problemet.

Endring i gjennomføring av årsmøtet

I samråd med Norges Bondelag har fylkesstyret i Hordaland Bondelag vedtatt at vi vil prøve å gjennomføre årsmøtet på skype fredag 20. mars kl. 12.00 til 15.00.

Dette skjer i Hordaland Bondelag

Fredag
16
oktober

Ung Bonde-samling

Bergen

Våre samarbeidspartnere