Uskedalen Bondelag har det siste året vore med i ei ressursgruppe som skal utarbeida ein arealplanstrategi for Uskedalen. Ressursgruppa har inkludert folk med ulike interesser, og Uskedalen Bondelag har arbeida hardt for å få landbruk høgst prioritert.

Då planutkastet vart presantert kunne bondelaget med glede konstatera at arbeidet deira har nytta, og at Uskedalen også i framtida skal ha jordbruk i heile bygda, også i sentrum.

- Det vart sjølvsagt ein god del diskusjon på møtet, sa leiar i Uskedalen Bondelag, Olav Hjetland Bringedal. -Både ordførar og politikarar frå fleire parti var tilstades, og alle desse tok landbruket i forsvar! Eg føler på mange måtar at fokus på jordvern, fokuset på landbruket generelt og til dømes uttalen til Festidalen som er bekymra for bøndene i bygda, kjem oss til gode!

Les meir på uskedalen.no