Tid: Fredag 30.01.2015 10:00 - 15:00

Stad: Statens Hus, 11. etg.
Arrangør er Fylkesmannens landbruksavdeling og Innovasjo Norge Hordaland, og målgruppa er nytablerarar og tilbydarar som vil vidareutvikle Inn på tunet-tenester på eigen gard. Arrangementet passar også for rådgjevarar i offentleg forvaltning og private verksemder .
 
I tillegg vil Hordaland Bondelag og Fagforum Inn på tunet arrangere eit informasjons- og rekrutteringsmøte på kveldstid i februar eller mars. Tema er moglegheiter og utfordringar med garden som arena for velferdstenester. Programmet inneheld mellom anna godkjenningsordning og kvalitetssystem gjennom Matmerk, og omvisning på ein Inn på tunet gard. Brita Skallerund frå Norges Bondelag vil ha innlegg på møtet.
 
Du kan gjerne delta på begge møta, då dei vil ha ulikt innhald, sjølv om det kanskje vert noko overlapping.

Les programmet til møtet 30. januar her.