Begge bondelaga har deltatt på opne møte i regi av Vestland fylkeskommune, der dei tillitsvalde fekk høve til å ta opp spørsmål om jordvern. I tillegg har dei to bondelaga levert inn eit felles høyringsinnpel med fokus på jordvern, trygge fylkesvegar og rassikring.

Jordvern

Bondelaga peika på at det må eit langt meir restriktivt jordvern inn i vegplanlegginga, og at jordvern må være med på lista når vegvesenet skal måle planlagde prosjekt opp mot samfunnsmessige interesser. Det vil vere ein god jordvernpolitikk å utbetre og sikre eksisterande vegar før ein set i gong med store økonomisk og arealkrevjande vegprosjekt.

Der dyrka og dyrkbar jord likevel må vike for andre formål, må matjord flyttast til ein stad der den kan verte dyrka igjen. Det må settast krav til fagleg kompetanse og sertifisering for matjordflytting. Dette er særs viktig dersom resultatet for framtidig matproduksjon skal verte godt nok.

Fylkesvegar er nøkkel i ferdsel i Vestland

I innspelet bad Bondelaga om at ein i Nasjonal Transportplan også rettar fokuset mot fylkesvegane. Dei knyter ulike delar av fylket saman og skal fungere som ei trygg og føreseieleg ferdselsåre for trafikantar og næringsliv.  Vegstandard på fylkesvegane og dei kommunale vegane er avgjerande for landbruket.

Både fylkesvegar, kommunale vegar og bruer må tole eit stort nok akseltrykk, slik at inntransport til bruka av til dømes kraftfôr og levering av mjølk, kjøt, tømmer og andre varer kan skje med notida sine bilar og teknologi. Det er også heilt avgjerande for transporten at vegane har ein stabil regularitet. Det vil seie at det kan påreknast at vegane er opne for ferdsel.  

Rassikring

I innspelet peika Bondelaga på at løyvingane til rassikring i Vestland må aukast. Vi bur i eit fylke med 5600 kilometer fylkesvegar med fleire enn 550 skredpunkt. I tillegg har vi mange skredpunkt på riksvegane gjennom fylket. Det påverkar kvardagen til fastbuande, næringsliv og gjester. Å få gjort eksisterande vegar tryggare og gje dei ein høgare standard, ser vi på som ei prioritert satsing i NTP.  Det vil vere viktig både for næringslivet og for dei buande sin kvardag.