Asgeir Nøttveit og Kjetil MehlKjetil Mehl snakka om hjorteskadar. Han sa mellom anna at:
- Norges Bondelag brukar mykje og heilt nødvendige ressursar på rovdyrforvaltning. Vi meiner det er på høg tid at Norges Bondelag også tek forvaltninga av hjort som skadegjerar på alvor, og prioriterer ressursar til dette. Vi ynskjer ein person i ei stilling som skal arbeida med forvaltning av hjortedyr. Og denne stillinga kan godt vera plassert utanfor Oslo. For hjortebestanden må ned på eit nivå som er berekraftig for bonden!

Les heile innlegget her.

Frukt- og grøntsatsing

Knut Byrkjenes Hauso roste grøntsatsinga i jordbruksforhandlingane, men advarte mot å overvudere marknadspotensialet i grøntsektoren. Han sa mellom anna: - Det rådgjevande utvalet som no skal staka ut den framtidige kursen har ei stor utfordring. Korleis skapa vekst og utnytta marknadspotensialet utan at det resulterer i vedvarande overproduksjon?

Han sa også at "I Hardanger er samspelet mellom landbruk og reiseliv svært sentralt for totalopplevinga. Skal totalopplevinga leva vidare må fruktmiljøet i Hardanger også i framtida vera motivert av god økonomisk avkastning frå drifta samtidig som rammevilkåra vert lagt til rette for drift i det bratte fjordlandskapet. Difor har det rådgjevande utvalet også eit stort samfunnsansvar når langsiktig kurs skal stakast ut for frukt- og grøntnæringa."

Les heile innlegget her.

Mjølkeproduksjon

Peder Nernæs snakka om investeringsbehovet på små og mellomstore mjølkebruk. Han nytta lokale bønder som eksempel, og sa mellom anna:

- Bjørnar og Kåre Magnus er ikkje eldre folk som ventar på pensjonsalder, dei er flinke, framoverlente bønder som driv godt, tek gode avlingar og steller dyra sine godt. Dei er og viktige for lokallaga våre. Realiteten er at bondelaget i distrikta er heilt avhengige av desse folka for å fungere. I lokallaget mitt heime er me 5 personar i styret. 5 av desse er mjølkebønder, 3 av dei i båsfjøs og snittalderen er ca 40. Får me ikkje med oss desse over slit me som næring og organisasjon. Me får dei ikje med oss med 35% tilskotssats på investeringar, me lyt minst i 50%, kanskje 60%. Det har ein kostnad, men dette må me prioritere, det er nemlig desse bøndene som gjer oss legitimitet som næring.

Les manus til innlegget her.

Spørsmål til Olaug Bollestad

Knut fekk også stille spørsmål til Landbruks- og matminister Olaug Bollestad:

På slutten av 80-talet hadde me den siste krig her i landet. Nei, eg snakkar ikkje om 2. verdenskrig, men om «Eplekrigen». Dette handla i korte trekk om at USA stemna Norge for GATT panelet pga av tollperioden på norske eple og pærer. Resultatet vart at Norge tapte saka og tollvernet for norske eple og pærer vart redusert med to månader – frå 1. februar til 1. desember. No er dette 30 år sidan og nye tider er komne. Sett i lys av frukt- og grøntsatsinga som vert starta opp: «Ser Statsråden om det er mogeleg med ein bitte-liten omkamp om den norske tollperioden for eple og pærer?»