Dei nye kompetansekrava i dyrehelse og smittevern (dyrehelseforskrifta § 7) for alt næringsretta dyrehald gjeld frå 1.1.2020. Det er mange som har spurt om å få litt meir informasjon.

Bondelaget har laga ei nettside der du finn linkar til Mattilsynet sine sider om forskrifta og infoside med oversikt over godkjende kurs, inkludert direktelink til e-læringskurs for småfe og storfe. Ved å følgje linkane kjem du inn på Animalia sine sider der det er mogeleg å kjøpe eit e-læringskurs. Du kan sjå på lista over godkjende kurs om du ha tatt kurs før som gjer at du tilfredsstiller kompetansekravet.

Dyrehaldarar som kan dokumentere kompetanse om dyrehelse og smittevern på agronomnivå eller høgare, har tilstrekkeleg kompetanse til å tilfredsstille kravet utan ekstra kurs.

Her er link til nettsida: Ny dyrehelseforskrift.