- Med føttene godt plantet på jorda har landbruksnettverket vært på lærerik tur med Hordaland Bondelag. Takk til alle som har bidratt til en innholdsrik dag, skriv Høgres Margunn Ebbesen på facebook.

Turen starta torsdag kveld på Syse gard i Ulvik med omvising og kveldsmat. Fredag var det gardsbesøk hos Solveig, Knut og Kristian Skjerve, før lunsj og litt fagleg påfyll på Voss vgs. Både Jan Ivar Rødland frå Vestskog og Mari Aker frå NLR Vest hadde innlegg, før Invertapro fortalde om satsinga si på mat, fôr og gjødsel laga av insekter.

På Voss fekk dei også treffe elevar frå 6. klasse som demonstrerte for betre klimapolitikk.

Reisefølget var innom både garden til Gunnar S. Brekkhus, Moelven Granvin bruk og Evanger pølsefabrikk før dei sette kursen mot Bergen. Her stoppa dei på garden til Eivind Myrdal, der dei også fekk ein prat med Bybonden Ida Brekke.

Både leiar og nestleiar i Hordaland Bondelag; Peder Nernæs og Knut Byrkjenes Hauso, fekk vere med på deler av turen. Frå Høgres landbruksnettverk deltok Margunn Ebbesen, Bente Stein Mathisen, Frida Melvær, Marianne Synnes, Ingunn Foss, Torill Eidsheim, Liv Kari Eskeland og Margret Hagerup.

Les om besøket på Granvin bruk på nettsida til Vestskog.