Under arbeidet med forvaltningsplan for alt vatn i Noreg, er alle påverknadar som kan ha effekt på vassmiljøet meldt inn. Neste steg er å lage tiltaksplanar som skal forbetre vasskvaliteten. Landbruk kom høgt opp på lista over negativ påverking nasjonalt. Dersom landbruk er registrert som ein "syndar", kan bøndene bli pålagt restriksjonar.

Hordaland Bondelag har vore involvert i høyringa for Vassregion Hordaland. Bondelaget er positiv til å rydde opp der det er naudsynt, men fleire har reagert på at vassforekomster i område utan mykje landbruk er sett som "påverka av landbruk".

Bioforsk laga ein analyse som viser at mykje av registreringa er feil. Resultata frå analysen viser at over halvparten av elv- og bekkesegmenta faktisk ikkje er påverka av jordbruk, sjølv om karakteriseringa i Vann-Nett seier det motsette.

Les artikkelen på nettsida til Bioforsk.