Lars Petter Bartnes, leiar i Norges BondelagEit tema som gjekk igjen på årsmøtet, var dyrevelferd. Bondelaget sin eigen veterinær, Anja Fyksen Lillehaug hadde eit godt innlegg om saka første dagen, og fleire tok opp tråden seinare.

Leif Arne Lirhus snakka om kva Bondelaget og kvar enkelt kan gjere for å sikre dyrevelferd. - Vi må bygge ned barrierane så det er enkelt å be om hjelp dersom ein treng det. Det går an å vere einsam sjølv om ein ikkje er einsleg, sa Leif Arne. Kunnskap er også viktig, bøndene må halde seg oppdatert og vere ein god agronom. Inga Winjum Rørlien kommenterte at det er viktig å ha så god økonomi at ein har råd til å vere heime og sjå til dyra.

Lars Bjarne Nesheim tok opp dyrevernorganisasjonane og meinte at dei legg premissene i alt for stor grad. Han sa også at jordvern er vel og bra, men kva med jordauke?

Æresmedlem Kari VallandDet var også mange som tok opp grøfting. Frode Handeland var ein av dei som ønska seg auka tilskot. - Det våte klimaet gjer det vanskelegare å drive, og grøftetilskotet må aukast enda meir, sa Frode. Lars Bø foreslo soneinndeling for grøftetilskot medan Kristoffer Nerhus tok opp minstemål for areal ein kan få tilskot for. Han meinte det må vere mogeleg å få tilskot for mindre areal dersom ein bare skal grøfte eit lite område.

Det var fleire som tok opp mjølkekvoter. Knut Flatebø og Bjarte Naterstad ville ha nye ordningar for mjølkekvoter, og Olav Botnevik snakka om både mjølkekvoter og om å ta vare på dei mellomstore bruka.

Lars Inge Vik snakka om aktivitet i lokallaga og politisk kontakt og ønskte seg større overføringar til aktivitet i lokallaget.

Knut Byrkjenes Hauso meinte at frukt og bær kanskje bør vere ein del av kanaliseringspolitikken. -Det må vere tilrettelagt for oss på Vestlandet og det bratte arealet, sa Knut, - vi må lage det jamt bratt. Han forklarte at det må gjerast når ein skiftar kultur, og det er kvart 20. år. Vi må difor planlegge fram i tid.

Ove Neteland snakka om hjorteproblemet medan Harald Olav Fosso tok opp RMP og tilskot til brattlente bruk. Kjersti Hjelmeland tok opp svangerskap og velferdsordningar.

Olav Myhr takka for eit godt organisasjonskurs medan Gjertrud Svartveit Osmundsen frå Tine oppfordra til samarbeid om eit godt kursopplegg som kan engasjere, spesielt dei unge.

Døme på andre tema som var oppe: Mjølkeprosjektet på Voss, fylkessamanslåing, pelsdyr, klimavennleg jordbruk, eigedomsskatt og rottegift.

Det var heile tre personar frå styret i Norges Bondelag med på møtet. Leiar Lars Petter Bartnes hadde fleire innlegg, medan andre nestleiar Frøydis Haugen fortalde frå turen til Bondelagsprosjektet i Malawi. Bodhild Fjelltveit er både første vara til styret i Norges Bondelag og styremedlem i Hordaland Bondelag.

Bjarte Naterstad frå Omvikdalen Bondelag og Lars Istad frå Voss Bondelag

Jon Bergmål frå Sveio Bondelag og Harald Olav Fosso frå Vikøy og Øystese Bondelag

Frøydis Haugen frå Norges Bondelag og Kari Heggenes Kvammen frå Radøy Bondelag.