Korona-viruset er på frammarsj og smittesituasjonen i vår del av landet (verda) gjer at styret i Hordaland Bondelag ikkje finn det riktig å arrangere eit fysisk årsmøte i Rosendal 19. og 20. mars.

Fylkesstyret gjorde i går vedtak om at ein i staden vil gjennomføre møtet på skype/telefon. Det vil seie at alle kan vere med på møtet med eigen telefon eller PC med skype.

Alle lokallaga og utsendingane skal ha fått informasjon om endringane på e-post. Dersom du ikkje har fått, ta kontakt med fylkesskontoret.