Knut KettermannStyremedlem i Hordaland Bondelag, Leif Arne Lirhus, tok turen til Myrkdalen Hotel for å møte hotelldirektør Knut Kettermann. Direktøren meiner landbruk og reiseliv er avhengige av kvarandre, og det var difor inga overrasking at han fekk resultetet "Bondeven" på bondetesten.

Kettermann kjem opprinneleg frå Austerrike og trekte fram kor viktig samarbeidet mellom reiseliv og landbruk er der. - I Norge er samarbeidet mellom reiseliv og landbruk like viktig, men me har ein annan struktur på både reiseliv og landbruk her enn i Mellom - Europa, sa Kettermann. - Me kan finna mykje inspirasjon få Sveits og Austerrike når det gjeld samarbeid mellom reiseliv og landbruk, men me må løysa ting på vår eigen måte her i landet. 

Kva for slags bonde er du? Ta testen her.

Knut Kettermann i foajeen i Myrkdalen Hotel