Bjørne Røthe, leiar i Bulken-Evanger Bondelag, Trond Olav Neteland, leiar i Vossestrand Bondelag og Ole Jørgen Rio, leiar i Voss Bondelag.Bondelaga på Voss skipa til ein gladaksjon med ein bondequiz der du kan finne din indre bonde. Bondetesten er ein del av den nasjonale kampanjen til bondelaget før jordbruksforhandlingane. Mange tok testen og gjekk heimatt med bondebuttons på jakka.

Quizen tok me i samband med open flor hjå lokallagsleiar Bjørne Røthe på Bulken. Det var bra oppmøte, og ordføraren på Voss klypte snora og erklærte floren for opna. I tillegg til synfaringa var det og fagmøte i Bulken ungdomshus. Tema på møtet var finasieringsordningar, ved Innovasjon Norge og Sparebank Vest.

Tilskiparar av arrangementet var mjølkeprosjekta, Tine, Nortura og Felleskjøpet.

Tekst og bilete: Brynhild Tennebekk Bjørke, 1.vara til styret i Voss Bondelag.