Flotte gevinstar frå Kari og Os BondelagÆresmedlem Kari Valland, Os Bondelag og Felleskjøpet Agri bidrog med gevinstar til basaren. Hovudgevinst var leiar Kjetil Mehl som avløysar og nesteleiar Knut B. Hauso til beskjæring av frukttre.

Bondelaget deltar i solidaritetsprosjektet "Bønder støtter bønder" gjennom Utviklingsfondet sitt arbeid i Malawi. Malawi ligg søraust i Afrika og er eit av dei fattigaste landa i verda. Nyleg vart landet ramma av flaum.

Prosjektet har eit program som utdanner modellbønder som lærer opp andre bønder i nærområdet. Bidraga går også til såkorn og husdyr.

Andre nestleiar i Norges Bondelag, Frøydis Haugen, har nyleg vore på besøk i Malawi. Ho var imponert over kva bøndene der får til med svært små ressursar. Frøydis viste bilde og fortalde frå besøket på årsmøtet i fjor, og i år viste ho ein kortversjon. Årsmøteutsendingane kjøpte mange lodd, og resultatet var 13 300 kroner som kjem godt med for bøndene som deltar i prosjektet.

Les meir om Malawi-bøndene her.