Øyvind Sandvik og Bjarte NaterstadBondelaget er avhengig av frivillige i alle ledd, og det er heldigvis mange som stiller opp. Nokre tillitsvalde gjer ein ekstra innsats og syter for at hjula i både lokallag og fylkeslag går rundt. Fleire av dei bidrar også sentralt i Norges Bondelag.

Bjarte Naterstad har vore leiar i Omvikdalen Bondelag sidan 2016, men han har også vore leiar og hatt fleire andre verv i Rosendal og Seimfoss Bondelag før lokallaga vart slått saman til Omvikdalen Bondelag.

Bjarte var styremedlem og nestleiar i Hordaland Bondelag frå 1998 til 2006 før han leia i valnemnda i Hordaland Bondelag i fleire år. Bjarte har også gjort ein stor innsats for å få til ein god samansetning av styret i Norges Bondelag. Han var medlem av valnemnda der i tre år, og  leia nemda det siste året (2016-17).

Etter ein ny runde som lokallagsleiar gir han stafettpinnen vidare til Øyvind Sandvik. Knut Byrkjenes Hauso deltok på årsmøtet i Omvikdalen Bondelag og har tatt bilde av Bjarte og den nye leiaren Øyvind.

Frode Handeland har tidlegare vore både nestleiar og leiar i Sveio Bondelag. Han var styremedlem og nestleiar i Hordaland Bondelag frå 2013 til 2017 og no er han medlem  i Miljø og kvalitetsutvalet i Norges Bondelag. Frode ga seg som lokallagsleiar på årsmøtet 16. oktober. Ny leiar er Jon Bergmål.

Sveio Bondelag vart kåra til Årets lokallag i 2012 medan Frode var leiar. Her med Jan Holger Hamre som også gav seg i år etter mange år i lokallagsstyret.

Leif Arne Lirhus har hatt fleire verv i Vossestrand Bondelag tidlegare, han var mellom anna nestleiar frå 2011 til 2014. Han var styremedlem i Hordaland Bondelag frå 2012 til 2016 før han tok over leiarvervet i lokallagsstyret i 2016. No gir han leiarvervet vidare til Oddbjørn Bratthole.

Leif Arne er ikkje heilt ute enno, som vara for møteleiar i årsmøtet til Hordaland Bondelag måtte han steppe inn på kort varsel og leie leiarmøtet vårt i Norheimsund 7.-8. november.

Leif Arne Lirhus på årsmøte med Kjetil Mehl.