Nytt i år var "Barnas Matfestival" som ein del av Bergen Matfestival. 4H hadde kafe og stand, medan Hordaland Bondelag stilte med traktor, dyr, quiz, leigegarden og informasjonsmateriell.

Hordaland Bygdekvinnelag og Fagforum Inn på Tunet Hordaland var også med. Felleskjøpet Agri lånte bort ein stor traktor, som folk kunne klatre opp i og ta bilete, og ein liten trøtraktor som barna kunne leike med.

Grisen og kalven var klare favorittar. Det vart arrangert ein namnekonkurranse for dyra, og resultatet får du vite seinare.

Les om matfestivalen og den 60 kg store osten frå Ostegården i Bergens Tidende.

Sjå bilete her:

Eit område av Matfestivalen var sett av til "Barnas Matfestival"

Hordaland Bondelag og Hordaland Bygdekvinnelag hadde stand side om side

Grøn skule bøkene var populære

Kari Heggenes Kvammen og Frøydis Haugen var to av dei tillitsvalde som gjorde ein stor innsats under festivalen

Hyttene er klare for helgegjestene

Kalven fekk vi låne av Kari Heggenes Kvammen

Grisen hadde det bra i hytta si

Trøtraktor frå Felleskjøpet

Takk til FK Agri for lån av traktor

Blide barn på matfestival!

Orden på beite!

Leikegarden er alltid populær på stand

Her kan du lære å mjølke

Fagforum Inn på tunet Hordaland sin flotte stand