I eit møterom i Bergen har HPeder Nernæs og Inga Winjum Rørlien under middagenordaland Bondelag samla dei sju årsmøteutsendingane, resten av fylkesstyret, møteleiar i årsmøtet til Hordaland Bondelag og tilsette. Under middagen i går nytta leiar Peder høvet til å takke av Inga, som er årsmøteutsending og tidlegare medlem av styret.

Årsmøtet vårt i mars vart gjennomført digitalt, og det vart ikkje høve til avtakking. Inga fekk gode ord, ei bok og ei sauebjølle med inngravering.

Tidlegare på dagen vart årets lokallag kåra under representantskapsmøtet til Norges Bondelag. Hordaland sin kandidat til kåringa, Huglo Bondelag, nådde ikkje heilt opp, men var eit av to lag som fekk hederlig omtale. Det var vel fortent! Her kan du lese om årets lokallag.

I dag er det årsmøte. Fylkeslaga er samla på møterom rundt om i landet og følgjer årsmøtet på skjerm. Erna Solberg har helsa årsmøtet og takka bøndene for innsatsen.

På agendaen står mellom anna næringspolitisk program. Leiar i programkommiteen, Bodhild Fjelltveit, la fram kommiteen sin innstilling. Bodhild er styremedlem både i Hordaland Bondelag og Norges Bondelag.

Peder har innlegg i årsmøtet

Lars Bø på talarstolen

Årsmøteutsendingane frå Hordaland i 2020:

Knut Byrkjenes Hauso
Lars Bø
Kari Heggenes Kvammen
Anne Holter Vae
Asgeir Nøttveit
Kjetil Mehl
Maria Nesse

I tillegg deltar fylkesleiar Peder Nernæs. Bodhild Fjelltveit deltar for sentralstyret.