Årsmøte i Bømlo BondelagFylkesstyret deltar ofte på årsmøte i lokallaga. Her kan du sjå rapport frå nokre av møta dei har vore på.

Bømlo Bondelag hadde årsmøte på kulturhuskafeen med ein god blanding av kvinner og menn i salen. Anne Holter Vae frå fylkesstyret heldt innlegg om prioriterte saker i Bondelaget. Leiar Runar Aga tok attval.

Bodhild Fjelltveit deltok i årsmøte i Osterøy Bondelag på Osterøykroa. Lokallaget har gjort ein flott innsats med å samle inn landbruksplast, men det siste året har dei brukt mykje pengar på å rydde opp i urein plast på oppsamlingsplassen.

Årsmøte i Osterøy Bondelag

Lokallagsleiar Anders Hauge

Anne Holter Vae deltok på årsmøte i Sveio Bondelag. Dei hadde mellom anna diskusjon om biogass og lønnsemd for bonden. Frode Handeland gjekk av som leiar, og Jon Bergmål tok over leiarvervet.

Ny leiar i Sveio Bondelag; Jon Bergmål

Årsmøte i Sveio Bondelag

Bodhild Fjelltveit deltok frå fylkesstyret då Bergen Bondelag haddde årsmøte på Felleskjøpet Haukås. Lokallaget har hatt mykje aktivitet og heile styret tok attval.

Leiar i valbnemnda, Jon Henning Gjerde, vart takka av

Styret i Bergen Bondelag: Torbjørn Midtun, Eivind Myrdal, Per Toppe og Vidar Helland. Øyvind Thorsen og Jørn Erik Toppe var ikkje med på bildet.