I Bondelaget har vi kåra årets lokallag sidan 2010. Vinnarane i fylka går vidare til den nasjonale kåringa i Norges Bondelag. Eit av kriteria for kåringa er aktivitet og tilbod til medlemene.

I år har fylkesstyret valt eit lokallag som ikkje er heilt i toppen når det gjeld tal arrangement og tilbod til medlemmene. Dei er valde til årets lokallag fordi dei held ein jamn og god aktivitet år etter år, sjølv om dei ikkje har så mange å fordele oppgåvene på.

Til tross for at lokallaget berre har 6 produksjonsmedlemer og 20 medlemer totalt, møter dei alltid på fylkesarrangement, og har møte og kurs for medlemene. Dei har også større arrangement i samarbeid med nabolaga.

Fylkesstyret er imponert over aktiviteten i laget og gratulerer Huglo Bondelag som årets lokallag 2019.

Kåringa gjekk føre seg på Skype-årsmøtet, så vi har diverre ikkje bilde.