Døme på aktivitet frå 2018 er plast- og jerninnsamling, ryddedugnad i samarbeid med Hold Norge rent, motorsagkurs, landbruksspelet og bondefest. Bondepub/kafé er også eit populære arrangement. Tema på samlingane har vore mellom anna grovfôr, SMIL-midlar og gjerding.

Aktivitet i lokallaga

Fusa Bondelag har jobba med brannberedskap. I fjor hjelpte Fusa Bondelag kommunen med å få oversikt over gyllevogner som kan nyttast i ein beredskapssituasjon, og i år vart bøndene oppmoda om å ha gyllevogna full med vatn og klar til bruk. Dette var spesielt viktig med den tørre våren og sommaren.

Mange lokallag har sendt inn merknad til høyringar i kommunen. Strandebarm-Tørvikbygd Bondelag sendte mellom anna inn høyringsutale på arealdelen til kommuneplanen. Dei argumenterte mot nedbygging av matjord og tok spesifikt for seg den dyrka jorda som var foreslått omdisponert.

Søknad om aktive lokallagsmidlar

Dersom de har hatt aktivitetar i lokallaget i arbeidsåret 2018/19 kan de søkje om midlar. Hugs å ta med alt, til dømes kontakt med politikarar og merknad til reguleringsplan.

Fylkesstyret fordeler midlane mellom dei laga som søkjer. Bruk skjema eller send e-post til hordaland@bondelaget.no. Legg ved årsmelding og rekneskap. Frist 1.12.

Lenke til skjema aktive lokallagsmidlar.

Bilde: Politikarbesøk hos lokallaga i Nordhordland