Bybonden er eit samarbeid mellom Bondelaget og Lystgården på Landås.

Bybonden skal fremje urbant landbruk gjennom kunnskapsformidling og inspirasjon. Kan det bli fleire skular med kjøkenhage? Er det muleg å plante epletre i parkane våre? Vil fleire innbyggjarar ha høner i hagen? Dette er berre litt av det Bybonden skal finne ut av i tida framover. Alle mulege tiltak for å dyrke i Bergen skal prøvast. Bergensarane skal bli inspirert til å grave i jorda og dyrke sin eigen kortreiste mat.

Å dyrke er gøy!

Det kan vere vanskeleg å få til tomatar i vindaugskarmen eller gulrøter i pallekarm. Kanskje er det ikkje nok lys, kanskje er jorda litt sur, eller kanskje er det for mykje eller for lite vatn. Bybonden kan hjelpe til med alt i frå bitte små dyrkingsprosjekt hos privatpersonar, til kurs i kjøkenhagedrift og hageanlegg på tak. Det er berre å ta kontakt.

Bynære bønder

Bybonden skal også vere der for dei store og små bynære bøndene. Å vere bonde er utfordrande på mange område, men i og rundt Bergen finns det mange flinke og innovative bønder. Bergensbonden sitt største fortrinn er kanskje at han eller ho er nær kunden, og Bybonden skal vere med å finne måtar dette potensialet kan nyttast på. Bergen er ein av UNESCO sine gastronomi-byar, og det er ikkje berre på grunn av sjømaten. Vi har for eksempel verdas aller beste ost!

Ei anna viktig oppgåve er å engasjere ungdom og inspirere dei til bli bønder eller velje andre matfaglege yrkjer.

Bybonden i Bergen

Ida Kleppe er frå garden Kleppe på Sunnmøre, men har sidan 2006 budd i Bergen, der ho er gift og har tre barn. Sidan 2006 har ho jobba som regissør og produsent av dokumentarfilm, og ho har mellom anna laga dokumentarfilmen ”Utan mat og drikke” som kom i 2017, og som har blitt vist fleire gongar på NRK. I denne filmen et Ida og familien berre norsk mat i ein heil månad.

Følg Bybonden i Bergen på Facebook og Instagram. Sjå også nettside bybondenibergen.no

Kontakt: Ida Kleppe ida.kleppe(at)bondelaget.no eller (+47) 47 33 15 90