Velkomen til leiarmøte

  • Tips en venn om denne siden

Leiarmøtet på tur til Oslo i 2017

Velkommen til leiarmøte torsdag 7. – fredag 8. november på Thon Hotel Sandven i Norheimsund. Frå Norges Bondelag kjem Frøydis Haugen og seniorrådgjevar ved næringspolitisk avdeling, Per Harald Agerup.

Leiarmøtet er ein viktig arena for fagleg påfyll, og i tillegg er det sosialt! Dersom leiar ikkje kan møte, vil vi gjerne at nestleiar eller ein annan frå styret kjem. I år vil samanslåing av Hordaland Bondelag og Sogn og Fjordane Bondelag vere eit viktig tema.

Deltakaravgifta er kr. 1.200, faktura kjem etter møtet. Det er eit årsmøtevedtak at alle lokallag skal betale eigendelen sjølv om dei ikkje er på møtet. Dette gjer at alle får lik økonomisk belasting. Fylkeslaget dekker reise etter reiserekning.

Årsmøtet vedtok også at utsendingar frå lokallaga får ein daggodtgjersle for leiarmøtet fram til samanslåing med Sogn og Fjordane Bondelag. Skjema for godtgjersle og reise får de på møtet.

Påmelding til hordaland@bondelaget.no eller tlf 55 91 88 80 innan 18. oktober.

Ta gjerne kontakt med ”nabo-lokallaget” for samkjøring.

Last ned programmet.

 

Helsing oss på fylkeskontoret

 

Brosjyre om smittevern

Her finn du ein oppdatert versjon av Smittesikker, bransjen si brosjyre om smittevern. Her er informasjon om praktisk smittevern på garden for ulike produksjonar.

Elever frå Stend vgs

Verving

Visst du at dei som vervar ein ny medlem i Bondelaget får gavekort på 400 kr på Felleskjøpet og BONDE t-skjorte? Du kan lese meir om korleis du går fram her.

Dette skjer i Hordaland Bondelag

Torsdag
12
desember

Styremøte i Hordaland Bondelag

Landbrukstunet, Kokstadflaten
Fredag
31
januar

Ung Bonde-samling

Bergen
Tirsdag
04
februar

Møte med samarbeidsorganisasjonar

Våre samarbeidspartnere