Handelsavtalar

  • Tips en venn om denne siden

Det er viktig, spesielt for små land, at det er internasjonale avtalar som regulerer verdshandelen. Det gir eit nødvendig grunnlag for å utvikle ein rettferdig handel.

Noreg er medlem i Verdas Handelsorganisasjon (WTO) som vart oppretta i 1995. I dag er 164 land medlemmar av WTO.  Denne organisasjonen fastset reglar og rettar for handel mellom landa. WTO har sidan 2001 forhandla om ein ny WTO-avtale gjennom den såkalla Doha-runden. På landbrukssida blir det blant anna forhandla om eit nytt regelverk for nasjonal landbruksstøtte, importvern og eksportsubsidiar. Desse forhandlingane er ikkje i mål.

I praksis er handelen mellom EU og Noreg på landbruksvarar svært ubalansert. Importen frå EU er 6 gong så stor som norsk eksport til EU.

Dei fleste av Noregs handelsavtalar er dekka gjennom EØS-avtalen og EFTA-samarbeidet. Noreg sette i verk EØS-avtalen i 1995, og artikkel 19 i EØS-avtalen omhandlar handelen mellom EU og Noreg med basis landbruksvarer som ost, kjøtt, frukt og grønt. Intensjonen med avtalen er at han skal vere gjensidig fordelaktig for avtalepartane. I praksis er handelen mellom EU og Noreg på landbruksvarar svært ubalansert. Importen frå EU er 6 gong så stor som norsk eksport til EU. Det pågår no forhandlingar mellom Noreg og EU om ein ny avtale.

Noreg utgjer EFTA i lag med Sveits, Liechtenstein og Island. EFTA har i dag  handelsavtalar med 38 land i tillegg til EU, og forhandlar stadig nye avtalar.

Også handelsavtalar som Noreg sjølv ikkje er ein avtalepart i, påverkar norsk landbruk. EU og USA forhandlar om verdas største frihandelsavtale, TTIP (Transatlantic Trade and Investment Partnership). Rapportar utarbeidd av NIBIO og NUPI viser at matproduksjonen i Noreg kan bli redusert med om lag ein tredjedel ved inngåing av ein TTIP-avtale.

Norges Bondelag meiner:

  • Kvart enkelt land må ha rett til å føre ein landbrukspolitikk som sikrar produksjon og forsyning av mat til eiga befolkning, og viktige verdiar som busetjing, kulturlandskap og kulturarv
  • Norske jordbruksvarer må sikrast eit effektivt importvern slik at vi kan oppretthalde produksjonen på dagens nivå
  • Dei jordbruksvarene vi ikkje produserer sjølve må i større grad bli importerte frå u-land
  • Noreg må søke alliansar med nettoimportørar i nord og sør for å sikre retten til eigen matproduksjon
  • Internasjonale avtalar må utformast slik at dyrehelse, folkehelse og omsynet til miljøet går føre kortsiktige økonomiske omsyn. 

 

Relaterte artikler

Nedskalering av melkeproduksjonen

Publisert 

- Vårt fokus er å finne den løsningen som smerter minst for den aktive bonden, og at det fortsatt skal være melkeproduksjon i hele landet, sier Bartnes.

Kjøttfe på beite i Nord-Tretten

Felles front mot ny handelsavtale

Publisert 

Norske myndigheter forhandler gjennom EFTA om en ny handelsavtale med Brasil, Argentina, Uruguay og Paraguay, også kalt MERCOSUR. Bondelagene i EFTA advarer egne myndigheter om å inngå en avtale som går på bekostning av egen matproduksjon.

EU-flagget

Enighet i EU om klimaregler for skog- og arealbruk

Publisert 

Forhandlingen i EU om regnereglene for opptak og utslipp av klimagasser fra arealbruk og skog (LULUCF) er sluttført. Bondelaget mener utfallet er bedre enn forventet, men at den norske regjeringen må forberede seg på tøffe klimaforhandlinger med EU.

Bjørn Gimming og utenriksminister Ine Marie Eriksen Søreide på ministermøte i WTO 2017, Buenos Aires

Diskuterer vegen etter ministermøtet i WTO

Publisert 

Det ser ikkje ut til å bli semje om kutt i handelsforstyrrande støtte denne veka. I staden diskuterer no medlemslanda eventuelle tekstar om forhandlingsløpet om internstøtte etter ministermøtet.

Ost

Vedtok kompensasjon for tap av marked

Publisert 

- Det er uheldig at Stortinget vedtar artikkel 19-avtalen. Da gir de samtidig bort framtidige produksjonsmuligheter til EU, helt gratis over forhandlingsbordet.

Christine Tacon

- Ikkje gi opp kampen for Lov om god handelsskikk

Publisert 

- Lov om god handelsskikk fungerer. Vi brukte 20 år på å innføre den, ikkje gi opp. Det sa den britiske valdgiftsdommaren Christine Tacon i møte med Norges Bondelag i London.

Appelsinbonde Mike Carter

Usikker på kva Trump vil bety for landbruket

Publisert 

Amerikanske bønder er framleis avventande til kva Trump vil bety for landbruket. Handels- og innvandringspolitikken er ikkje nødvendigvis på linje med Florida-bøndenes interesser.

Ostedisk

Noreg heng etter EU-landas matmaktregulering

Publisert 

For tre-fire år sidan vart nordmenn hyppig invitert til EU-hovudstaden for å fortelje om sitt nyskapande lovforslag for ein betre fungerande daglegvarebransje.

Kornåker i Hedmark

TTIP truer norsk matproduksjon

Publisert 

Matproduksjonen i Norge kan bli redusert med om lag en tredjedel ved en TTIP-avtale. For å opprettholde matproduksjonen må budsjettstøtten økes dramatisk. Det viser en rapport NIBIO/NUPI presenterte i går.

Dette skjer i Norges Bondelag

Tirsdag
10
desember

Styremøte

Landbrukets hus
Tirsdag
10
desember

Styremøte

Landbrukets hus
Onsdag
11
desember

Styremøte i BS (telefonstyremøte)

Landbrukets hus

Våre samarbeidspartnere