Så var jolehøgtida her igjen. Veldig mange har gått ut i joleferie, nokre har også pakka med seg gåver, mat og andre godsaker og reist på hytta.

Ca 170 000 nordmenn jobbar likevel dei raude dagane i jola, usikker på om me bønder er med i dei tala, men me tek ikkje joleferie. I alle fall ikkje heilt. Sammen med mange som jobbar innan helse og i akuttberedskap som brann, politi og ambulanseteneste er også bonden på jobb. Matproduksjonen er blant dei tinga som går og går, uansett dag, dato eller klokkeslett. Det skal me vera glade for, den beste beredskapen me har er nettopp løpande norsk matproduksjon, kvar dag, heile året.

Tenk på det når du ser ein traktor etter vegen eller kjører forbi eit fjos, låve eller veksthus med lys i vindauge i ferien. 

Håpar alle vel seg norske kvalitetsvarer til både jolemiddagen, jolefrukosten og til resten av måltida. Me har så mykje sunt, godt og lokalt å velgje blant. Med norske varer i handlekorga og på bordet gjer du ei aktiv handling å støttar norske bønder som er råvareprodusentar i øverste klasse. 

Nyt joledagane, nyt maten og det sosiale som høgtidsdagar ofte fører med seg. 

Eg vil ynskje både «vanleg folk», bøndar og fjosnissane der ute ei rektig så god jol!

Trude Flatland
Fylkesleiar i Telemark Bondelag