Unge bønder som vil - og forstår kva dei går til
Ser me ei bølge av unge bønder som, utan å forstå sitt eige beste, går inn i ei næring der det er umogleg å tena penger eller få ungar? Slik kan det iallfall framstå om ein les kommentarfelt og debattinnlegg.
Andelen bønder under 40 år aukar. Fleire unge overtar og investerer for ei framtid tett på dyr, planter og årssyklus. Drivkrafta er neppe eit liv i sus og dus på toppen av skattelistene. Alle veit at matproduksjon kan vera slitsomt. Kyr som kalvar midt på natta, sauer som skal heim frå fjellbeite i tåke og sludd, traktor som havarerer midt i slåtten eller uvær som trugar årets avling og inntekt.
Men eit liv som matprodusent er også å nyta ein nydelig soloppgang lenge før andre har stått opp, tid til ein kaffekopp på fjostrappa, fysisk aktivitet og samspel med dyr og natur. Eg trur at den aukande andelen unge som vel å driva gard, gjer det av lyst - ikkje plikt.
I fleire fylke vart årets investeringsmidlar i Innovasjon Norge brukt opp tidleg på året. Dette viser at investeringsevnen og -viljen er tilbake, og at investeringsetterslepet er stort.
Les ein kommentarfelt eller debattinnlegg kan ein få inntrykk av at dei bøndene som nå investerer verken kan opp-ned på kalkulatoren eller forstår sin eigen driftsplan. Dette er eit syn på kollegaer sin vurderingsevne som eg tek sterk avstand frå!
Svak økonomi har vore høgt på agendaen i mange år. Dermed tek dei som kjøper seg gard og fornyar driftsapparatet opplyste val. Dei tek ein kalkulert risiko når dei investerer i framtidig matproduksjon.
Næringsinntekta i jordbruket skal dekka både arbeidsinnsatsen og kapitalen som blir sett inn i garden. Det er den enkelte familie som verdset sin arbeidsinnsats og set krav til avkasting på eigenkapitalen sin. Dei viktigaste økonomiske dokumenta for den enkelte bonde er rekneskap og driftsplan. I rekneskapet er det utelukkande ærlege tal.
Eit politisk vedtatt talgrunnlag som grunnlag for inntektsutjamning og inntektsmåling på sektornivå er viktig for den politiske viljen til å investera i jordbruk. Men det er ikkje ein eigna målestokk for å vurdera enkeltbønder sine investeringar.
Den siste tida har fleire påstått at det er så godt som umogleg å stifta familie med dagens velferdsordningar. Alle familiar opplever at barseltida er krevjande, både praktisk og økonomisk. For bønder kan det vera mykje å henta på planlegging og tilpassing, gjerne i samarbeid med rekneskapsførar eller Bondelaget sin Babycall.
Det er eit paradoks at samstundes som enkelte står fram og advarar om at mangelen på velferdsordningar gjer det vanskeleg å etablera familie, er det mange som fortel at dei satsar på eit liv i jordbruket fordi dei ynskjer at ungane skal få veksa opp i eit gardstun, tett på dyr og natur. Eg har tru på at livet med gard og ungar kan kombinerast og gir mange små og store kvardagsgleder.
Kampen for inntekt og velferd på nivå med andre grupper held fram. Men det dreier seg altså om at det skal vera «på nivå» - ikkje identiske ordningar. Å vera sjølvstendig næringsdrivande er annleis enn å vera lønsmottakar. Det byr på meir ansvar og risiko, men også fridom i eigen arbeidskvardag og familieliv. Me må forhandla om våre vilkår fordi me treng ordningar som er tilpassa vår kvardag i ei næring som ikkje liknar nokon annan.
Nå startar jobben med jordbruksforandlingane 2026 ute i lokallaga våre. Eg kjenner på eit stort ansvar når andelen unge bønder med investeringsvilje aukar. Dei har valgt dette livet, på godt og vondt, då er det vår jobb å sikra framtidas matprodusentar gode og forutsigbare vilkår.