Beredskap

Bonden, matproduksjon og den tilhøyrande infrastrukturen  har  ein essensiell  rolle i  den norske totalberedskapen. Rogaland Bondelag bed NBL fremme verdien av bondens rolle i eit beredskapsperspektiv. Ingen mat, ingen soldat

Velferd

Årsmøtet i Rogaland Bondelag er bekymra for landbruksvikarordningene i fylket. Ordninga er utruleg viktig for næringa. Den må styrkast og følgje med utviklinga i samfunnet. Bøndene må bruke ordninga og vere med å fremma den.

Rekruttering

Lønnsomhet er viktig for at nye bønder vil inn i næringa. Rekruttering er viktig, og rogalandsbonden har sjølv ein del av ansvaret for den. I Rogaland er me heldige som har gode miljø som både vil drive og investere i gardane sine.  Rogalandsbonden treng ikkje være redde for å syne fram og være stolte av det ein får til.

Sonar

Rogaland Bondelag må jobbe vidare for ein meir rettferdig soneinndeling. Rogaland Bondelag krev at Strand, Gjesdal og Bjerkreim vert justert til Sone 5B grovforsone.

Tilskotsordning

Forskjellane i tilskot mellom distrikt og sentrale strok er stor nok slik den er i dag. Einkvar auke må verte likt fordelt på kvar produserte eining. Pris på bondens varer må minst følgje konsumprisindeks