Årsmøte, gode kollegaer

Dette er bilde av min farfar Lars, tatt midt på femtitalet. Fram til då hadde det vore ei rivande utvikling i Norsk landbruk, fyrst bruksdelingar, så bruksrasjonalisering. Når bildet av farfar blei tatt var talet på bønder kome under 200000. På fyrste del av 1900-taletb var det gjennomført ei bølge av jordskifte for å omgjera gardane frå teigblanding til meir rasjonelle brukseiningar.

Min farfar var på mange måtar ein pioner. Han bygde f.eks. ein fem meter tårnsilo som andre rista på hovudet over at var altfor stor. Når han begynte å køyre mjølkespann til vegen og senda dei med bussen til meieriet i Haugesund, heilt på slutten av andre verdskrig, blei det kommentert: «Du tener ikkje nok på å levera mjølk. Du har ikkje til slitasjen på kjerra eingong.»
Bygdesladder var den tida sitt kommentarfelt.

Endringane i landbruket har halde fram. Noko på grunn av politiske val og signal, noko på grunn av teknologiutvikling, avl og bønders ynskje om å modernisera og rasjonalisera. Det har ført til at me har ein eigedomsstruktur som heng langt bak bruksstrukturen. Det ser me mellom anna i den innmeldte saka om eigedomsstruktur som me skal handsama i morgon.

Talet på bønder har vorte enormt redusert. Me er nå under 37 000 bruk. Avstanden frå matprodusenten til forbrukaren har auka. At me nå er ca. 1/4 av talet på bruk ifht. når bildet av farfar blei tatt, blir ofte brukt som eit bevis på at landbrukspolitikken ikkje fungerer - at bondelaget har feila i jobben vår. Det er heilt feil! Gjennom alle desse samfunnsendringane har bondelaget vore med å jobba for bondens økonomiske vilkår og velferd.


Når eg snakka med farfar om utviklinga av garden, applauderte han alltid framskritt som kunne gjera dei fysiske jobbane lettare og drifta meir rasjonell. Eg er sikker på at min pioner-farfar hadde rista på hovudet om han høyrte at landbruket og bruksstrukturen frå 50-talet vart halde fram som eit ideal 3/4 århundre seinare.

Politisk arbeid
Dialog med politikarar fungerer. Lyttande, med innestemme og kaffikopp. Me må lytta med respekt for politikarane sine synspunkt. Eg er stolt av at bondelaget gong etter gong evnar å jobba konstruktivt med eit uttal saker overfor alle politiske partier.

Sjølv om valresultatet i haustens stortingsval er vanskelegare å spå nå enn det såg ut til for nokre månader sidan, må me førebu oss på å fortsetta samarbeidet med eit anna fleirtal i Stortinget. Me som bondelag er partipolitisk uavhengige. Me som bønder er svært politikkavhengige.

Det er verdt å lesa partia sin landbrukspolitikk grundig. Då meiner eg både kva dei skriv i partiprogrammet, kva dei gjer og kva dei prioriterer i alternative statsbudsjett. Me ser f.eks. at KrF både uttaler seg svært positivt om norsk landbruk òg prioriterer landbruk høgt når dei vel kor dei skal bruka sin politiske tyngde. Andre parti er like offensive i uttalelsar, men me veit at dei prioriterer andre saker høgare når dei sit ved forhandlingsbordet.

Frå berekraft til beredskap

I går løyva eit samla Storting 50 milliardar i støtte til Ukraina. Dette kjem på toppen av det store løftet vårt eige forsvar er i gang med.

Me ser kor fort fokuset i samfunnet endrar seg. I 2023 og i jordbruksoppgjeret 2024 prøvde me å setja beredskap på dagsorden. Det var berre berekraft, miljø og klima som var tema. No er derimot beredskap hovudtema og hovudargument i dei fleste saker.  Språkrådet kåra beredskapsvenn til årets nyord i 2024. Rolla som samfunnet sin beredskapsvenn er me bøndene klare til å fylla.

Men me må gjerast i stand til å ha den naudsynte beredskapen på den enkelte gard. Me må ha beredskap for brot i forsyning av fôr, deler, vatn, straum og internett for å kunna levera matberedskap til samfunnet. 


Landbruket fekk sitt eige nyord vinteren 2024; familieårsverk.
I forbindelse med at totalkalkylen vart modifisert til å berre inkludera den aktive delen av landbruket, vart det gjort ein del endringar. Mellom anna vart utgifter til innleigd arbeid utgiftsført. Dermed skal overskotet i totalkalkylen og referansebruka berre delast på dei årsverka som blir utført av garden sine folk, ikkje inkludert innleigd arbeid som før. Dette var ein nødvendig omlegging.

Begrepet familieårsverk har for enkelte blitt eit symbol på det nye talgrunnlaget. Det har blitt forklart at det inkluderer ein andel gratis arbeid frå familien. Då har ein ikkje forstått kva eit rekneskap for ein næringsdrivande viser! Botnlinja i rekneskapen er det overskotet som den næringsdrivande sit at med. Det skal dekka både arbeidstimane familien set inn i drifta, og vederlag til den kapitalen familien har knytt opp i garden.

For eit kvart århundre sidan jobba eg ein del år i landbruket på austlandet, og har reflektert ein del over forskjellane i bondeidentiteten frå Rogaland til store deler av resten av landet. 

Gjennom tre - fira år med ein heilt nødvendig kamp om talgrunnlag og inntektsmåling,  har dessverre det tradisjonelle rogalandske synet på bønder som næringsdrivande og bedriftsleiarar blitt mindre synleg. Den austlandske måten å sjå på ein bonde, mykje nærare ein lønsmottakar, har dominert. Me må ta tilbake vår identitet som sjølvstendig næringsdrivande. Det betyr ikkje å senka ambisjonsnivået i kampen for inntekt og velferd, men å hegna om den identiteten som me er stolte av.


Begrepet «familieårsverk» er eit symbol på vårt familielandbruk. Er det ein ting me skal vera stolte av, så er det at me har klart å halda selskapslandbruket på avstand og at familielandbruket framleis dominerer.

Jordbruksforhandlingane feirer 75 år i år. 

Jordbruksforhandlingane er med på å halda fram fleire mål for norsk landbruk. Me ser på debatten dei siste åra at det er vanskeleg å ha fleire tankar i hovudet på ein gong. Dei siste åra har regjeringa hatt inntekt både som eit verkemiddel som eit sjølvstendig mål i landbrukspolitikken. Eg trur finansminister og økonom Stoltenberg, fort ville gått tilbake til ein økonom sin tankegang - kor lite pengar kan me bruka for å oppnå tilstrekkeleg resultat - viss ikkje regjeringserklæringa la føringar, og me ikkje hadde dei årlege forhandlingane.

Når nokon nå ynskjer å skrota forhandlingsinstituttet, i ei tru om at me oppnår meir dersom politikarane skal prioritera jordbruk i same budsjettbehandling som alle andre gode samfunnsformål, så er det både naivt og historielaust. Eg er heilt overbevist om at me får meir gjennomslag for norsk matproduksjon ved å ha ei hand på rattet i politikkutviklinga gjennom jordbruksforhandlingane. Me får ikkje fullt gjennomslag for våre krav, men me får til betydelege endringar, både gjennom merksemda jordbruksforhandlingane gir, gjennom tilpassingane staten gjer når dei utformar sitt tilbod og gjennom forhandlingsgevinstar i forhandlingane i mai.

 

Taktskifte gir behov for meir investeringsmidlar.
Me ser eit taktskifte i landbruket. Parallelt med inntektsauke har me fått auka utmålinga av investeringsmidlar til lausdrift. Det har ført til at mange som tidlegare ikkje har klart å få lønsomme driftsplanar, nå har fått grøne tal og er i gong med bygging. At årets IBU-pott i praksis var tom i januar, er både ein utfordring og eit godt signal. Nå må me sikra at den nasjonale potten blir utvida og vidareført. Aller helst bør den få eit påfyll i årets reviderte nasjonalbudsjett. Det skal ikkje vera nødvendig å stå i kø for å oppfylla offentlege krav!

 

Gode kollegaer!
Til slutt må me innom det som blir vår utfordring og vår mulighet. Regjeringa har gitt oss måla og argumentene for norsk landbruk i strategien for auka sjølvforsyning og totalberedskapsmeldinga.

Å auka sjølvforsyninga blir ein formidabel jobb. Det blir ein omlegging som kjem til å svi så lenge det ligg ein forutsetning om at forbrukarane skal få legga det dei vil på tallerken, og ingen ser ut til å kunna temma kjedemakta og kva matvarekjedene tilbyr i hyllene. Så lenge det er fred er det liten sjanse for å overstyra den frie viljen i norsk kosthald.

Den auka sjølvforsyninga må dermed koma gjennom auka produksjon av kveite til matmjøl og som forråvare, og utviding av sesongane for norsk frukt og grønsaker. Det kreves styrka kanaliseringspolitikk og prisnedskriving - ikkje redusert, og det kreves sterkare importvern.

Kort og godt er pilarane i jordbrukspolitikken - jordbruksforhandlingar, importvern, samvirkebaserte marknadsordningar og juridiske verkemiddel - også det som må ligga i botn for å oppnå beredskap og sjølvforsyning.

Stortingsvalet til hausten blir eit verdival om beredskap og sjølvforsyning - der me og alle våre kollegaer skal utføra jobben med å oppfyllinga av valløftande.