Ordførar. Årsmøte. Gode kollegaer.

Verda står i mange kriser; krig og konflikt, handelskrig, naturkrise, klimakrise. Og sjølv om me ikkje snakkar så masse om det lenger, er det framleis mange som lever i fattigdom og svolt. La meg derfor byrja med å sjå på matpolitikken i eit globalt perspektiv.

FN utropte 2014 til eit internasjonalt år for familielandbruk. I Noreg vart FN-året forbigått i stillheit. Landbruk, og særleg familielandbruk, var ikkje satsingsområde for Solberg-regjeringa med Høgre og Frp.

FN gir oss ein moglegheit til: 2019–2028 er tiåret for familielandbruk. Dei har laga sju satsingsområde, som alle saman kunne gått rett inn i Bondelaget sitt næringspolitiske program. Å påverka nasjonal politikk for å sikra vilkår for den sjølveigande bonden, og å styrka bøndene sine eigne organisasjonar, er berre to av tiltaka.

Verda er ikkje i rute til å nå målet om å utrydda svolt innan 2030. Rundt 8 prosent, eller i overkant av 700 millionar menneske, lever i kronisk matmangel. Om lag halvparten av desse er i ein kritisk situasjon, mellom anna på grunn av situasjonen i Sudan og Gaza. Nesten ein firedel av ungar under fem år har problem med å veksa og utvikla seg normalt på grunn av underernæring.

Samtidig er fedme no eit større problem enn underernæring i alle delar av verda, med unntak av Afrika sør for Sahara og Sør-Asia.

Så kvifor fokuserer FN så sterkt på familielandbruket?
Sidan 60 prosent av verdas matforsyning kjem frå familielandbruket, er det også vegen ut av fattigdom og underernæring. Mykje av dette landbruket er naturalhushaldning, der familien prøver å produsera nok til sin eigen familie. I vår del av verda er omgrepet familielandbruk mest knytt til eigarskap. Til trass for stadig sterkare vertikal integrasjon i verdikjeda, er landbruket i Noreg framleis i hovudsak eigd og drive av enkeltpersonar og familiar.

I 2024 fekk me omgrepet familieårsverk inn i det nye talgrunnlaget – ein viktig måte å rekna med, og løfta verdien av, alt arbeidet heile familien bidreg med.

FN sitt fokus på nasjonal politikk, bøndenes organisasjonsarbeid og familielandbruket bør gje oss stoltheit og pågangsmot i arbeidet for inntekt og velferd på nivå med andre grupper i samfunnet.

 

Men vår moglegheit til å driva nasjonal landbrukspolitikk kan bli sterkt redusert!
Det bryggjer opp til ein ny EU-kamp. Akkurat no har me ingen reell EU-debatt, for diskusjonen dreier seg mest om dette er rette tida for å ta opp EU-spørsmålet. Me diskuterer eigentleg diskusjonen. Me må vera klar over at Noregs moglegheit til å styra eigen landbrukspolitikk, og vår moglegheit til å ha medverknad gjennom bøndene sine faglag, blir sterkt redusert ved eit EU-medlemskap.

Det er også grunnen til at eg ber om at den evige EØS-diskusjonen blir lagt bort. EØS-avtalen har absolutt sine svakheiter, men den er avgjerande viktig for store og viktige næringar i landet – i tillegg til enkeltpersonar sin handle-, og ikkje minst reisefridom.

Noreg må nytta handlingsrommet i EØS-avtalen, og handlefridomen utanfor EU. Det realistiske alternativet til dagens EØS-avtale, med alle dei problematiske sidene den har, er ikkje ein vellukka reforhandling eller ein norsk variant av Brexit – men ein forsterka EU-debatt og truleg eit føreståande EU-medlemskap.

Me slepp å køyra traktor i gatene og pusta inn sur røyk frå brennande dekk, slik som dei gjer sørover i Europa. Sidan me ikkje er med i EU, og sidan me har ein nasjonal politikk for landbruk og sterke bondeorganisasjonar, kan me bruka årsmøtet vårt til å diskutera gjennomslag og framtidige prioriteringar i jordbruksforhandlingar og politisk arbeid.

Det er mange tema me kunne tatt opp, men la meg velja tre: Eitt gjennomslag med hjelp av vårt juridiske arbeid, eitt gjennomslag i politisk arbeid, og eitt gjennomslag i jordbruksforhandlingane.

To dagar i slutten av oktober møtte nokre grunneigarar – som representantar for ein stor flokk kollegaer – saman med meg, Irene og nesten alle Bondelagets advokatar i Høgsterett. Grunneigarane langs Sørlandsbanen har i tiår frykta kva som skjer med beitedyra langs linja. Dei veit at når toget tutar, kan det vera ein flokk sauer eller den finaste kviga som har kome inn på toglinja.

Bane NOR har i større og større grad sagt ifrå seg gjerdeplikta langs togskinnene. Dei har gjort gjerdeplikta og verdien av dyr om til eit reknestykke. Det løner seg å betala erstatning for ihjelkøyrde dyr i staden for å sikra toglinja. Advokat Sindre Oftedal brukte eit uttrykk eg ikkje trudde var innafor i Høgsterett: Bane NOR har eit bestialsk forhold til dyrevelferd.

Takka vere grunneigarar som motsette seg Bane NOR sin stadig sterkare ansvarsfråskriving, Rogaland Bondelag si hjelp med etablering av grunneigarlag, og solid juridisk partsstøtte frå Bondelaget si juridiske avdeling, vann grunneigarane i alle tre rettsrundar. (Applaus)

Gjennomslag nummer to er i det politiske arbeidet. Der har me mykje å velja i. Den mest opplagte er den effektive parkeringa av gjødselavgifta som regjeringa foreslo i statsbudsjettet. No er gjødselavgift avvist for resten av denne stortingsperioden.

Men eg vil òg dra fram 150 millionar ekstra til investeringstilskot i revidert nasjonalbudsjett i fjor, og ytterlegare 100 millionar i statsbudsjettet for 2026. Dette er gjennomslag me får fordi me i Rogaland har opparbeidd god politisk kontakt, og fordi Statsforvaltaren, Innovasjon Noreg og fylkeskommunen har vore med og sett fokus på konsekvensane av vår avgrensa tilgang på investeringsmidlar.

Vårt gjennomslag har gitt minst 10 nye mjølkefjosar på eitt år, og dette er varig auke av IBU-potten.

Og sist i oppsummeringa av gjennomslag i året som har gått: I år, i 2026, skal me i prinsippet ha eit inntektsnivå i jordbruket på nivå med andre grupper i samfunnet – dersom føresetnadene i jordbruksavtalen slår til, målt med vedteken metode for nivåmåling.

Mange kjenner seg ikkje igjen i dei gjennomsnittstala som blir presenterte på sektornivå, men alle melder om eit monaleg taktskifte i inntektsmoglegheitene. Sjølv om nokon argumenterer med at «det skulle berre mangle», er det verdt å minna om at ingen gjennomslag – heller ikkje dei fortente – kjem av seg sjølv!

Jobben for inntekt og velferd blir ikkje ferdig, og det er ingen automatikk i jordbruksforhandlingane. Jobben må gjerast.

I år, og i åra som kjem, vil økonomisk løft for dei produksjonane som ligg lågast, velferdsordningar og klimaarbeid bli hovudtema.

I oppspelet til årets forhandlingar har det vore mykje fokus på samordningsregelen – naturleg nok, for den rammar hardt for enkelte. Men eg stiller meg spørsmålet: Er fokuset på ønskja løysing blitt sterkare enn å løysa problemet?

Det er openbert at fjerning av samordningsregelen er den enkle løysinga – om ein ikkje tek omsyn til prislappen, og kva som i så fall blir prioritert ned. Me må halda fokus på problemet som skal løysast, vera løysingsorienterte og prøva nye løysingar når me ikkje får gjennomslag. Endringa av dagsatsen til avløysing ved fødsel er eit slikt eksempel.

Redusert mjølkevolum vil auka rammene i jordbruksforhandlingane, men samtidig har kostnadsveksten flata ut, så me kan ikkje forventa like store økonomiske rammer i forhandlingane som me hadde for nokre år sidan.

 

Skal me bruka over 300 millionar i året på ei ordning for dei som har inntekt utanfor bruket? Kostnaden er usikker, og estimatet nøkternt. Eller skal me bruka rammene i jordbruksforhandlingane på å styrka inntekta i produksjonen, slik at fleire kan vera heiltidsbønder – der samordning ikkje er ei problemstilling?

Eg veit at eg skyt meg sjølv i foten, for mine ytingar har blitt samordna mot anna inntekt ved alle mine pappapermisjonar – og det er mange permisjonar!

No har me fått til eit løft på dagsatsen ved fødselspermisjon, slik at fleire får meir avløysing. Det er eit viktig signal til unge bønder som vil inn i næringa: Det er fullt mogleg å kombinera gardsdrift, fødsel og familie!

 

Føresetnadene når ein set seg til forhandlingsbordet i mai er heilt annleis enn då ein skreiv avtale 16. mai 2025. Utprøving og utrulling av Bovaer er stoppa, og fleire parti på Stortinget stiller spørsmålsteikn ved om det er klokt og rett å la jordbruket ta ansvar for eige klimaarbeid.

I går blei næringskomiteen einige om å påleggja regjeringa å leggja vekk kravet om å bruka Bovaer. Det var ikkje ei uventa avgjerd. Og heldigvis er medlemmene i næringskomiteen klokare enn representantforslaget. Metanreduksjon er gode økonomiske tiltak – så det er bra at Stortinget ikkje forbyr alle tiltak som har metanhemmande effekt.

Men det er problematisk at Stortinget blandar seg opp i korleis jordbruket skal kutta utslepp. Eg vil at me i jordbruket skal få styra den jobben sjølv, basert på fag og forsking.

Me ser at frustrasjonen over klimakrava aukar. Måten utslepp blir dokumentert og rapportert, skaper eit heilt anna bilete av landbruket sine klimagassutslepp enn det me forstår med sunn fornuft. Som forvaltarar av verdas billigaste og mest driftssikre karbonfangst og -lagring gjennom fotosyntesen, kjennest det urettferdig å få stempelet som klimaversting.

 

Denne veka la Miljødirektoratet fram sin plan for korleis Noreg kan nå klimamåla i 2050. Det er ikkje lystig lesnad for landbruket. Dette er ikkje politikk enno, men eit veikart politikarane kan nytta seg av for å nå norske klimamål.

Dersom forslaga i rapporten blir ein realitet, kan me setja ein strek over dei aller fleste – om ikkje alle – dei landbrukspolitiske måla i Noreg. Dei grovfôrbaserte produksjonane som Miljødirektoratet vil fjerna store delar av, er berebjelken i distriktslandbruket. Det er ein forsvinnande liten del av arealet i Noreg som er eigna til korn, belgvekster, bær og grønsaker. Å redusera dei produksjonane me er mest sjølvforsynte på, er stikk i strid med målet om auka sjølvforsyning.

Det er enormt skadeleg at mellom anna leiaren i NBS ved fleire høve har sagt at redusert kjøtforbruk og kjøtproduksjon ikkje er eit problem. Det er enormt skadeleg, særleg for distriktsjordbruket. Og når politikarane bestemmer seg for at kjøtproduksjon er eit klimaproblem, er det absurd at nokon kan tru at inntektstapet ved redusert produksjon vil bli kompensert.

Det er allereie no vanskeleg å få staten til å støtta produksjon av raudt kjøt.

Det er verdt å minna om at dei som no vil redusera ambisjonane i klimaavtalen mellom jordbruket og staten, i realiteten vil gje frå seg ansvaret – men ikkje senka ambisjonane.

Det er ingen siger, eller lettare belastning, dersom kravet blir redusert frå fem til tre millionar tonn CO₂-ekvivalentar. Det betyr berre at ein større del av klimakutta skal styrast av staten.

Det er moglegheit for politisk påverknad. Me har erfaring med at nokre interesser blir viktigare enn andre. Sakteveksande kylling brukar meir areal til fôrproduksjon og gjev eit større overskot av husdyrgjødsel.

Det er eit vedteke mål å auka produksjon og forbruk av økologisk mat – trass i at dei økologiske drøvtyggarane har høgare metanutslepp, og at arealbruken i økologisk planteproduksjon er mindre effektiv.

Klima, natur og miljø, dyrevelferd, matprisar – det er fort gjort å få tunnelsyn, å fokusera på berre éin sak om gongen. Difor ser eg fram til resultatet av Bent Høie sitt utval som skal sjå på berekraftige matsystem. Det handlar i stor grad om å finna den gyldne middelvegen i alle målkonfliktane.

 

Min tippoldefar åtvara: Ikkje stol på det – det kan vera politikk i det!

Til sjuande og sist er det politikarane som skal vega alle gode føremål og faglege mål opp mot kvarandre. Det gjev oss moglegheit til å jobba både fagleg og politisk for å tona ned toskaskapen og få meir fornuft inn i landbruks- og matpolitikken.

Regjeringa har utpeikt 2026 til totalforsvarsåret.
Då regjeringa la fram totalberedskapsmeldinga Forberedt på kriser og krig i 2025, var matforsyning, næringsliv og busetnad i heile landet viktige delar av dei strategiske prioriteringane.

Akkurat no er det sterkt fokus på beredskap. Det kan me nok skulda på både Putin og Trump – og ganske mange andre galningar i verda.

Beredskap er eit vidt omgrep. Me må få klårare ansvarsområde i matvareberedskapen. Vår jobb som sjølvstendig næringsdrivande er i utgangspunktet å ivareta dyrevelferden om vatnet eller straumen forsvinn – eller vêret slår seg vrangt. Som ein del av dette må me òg stilla krav til våre vareleverandørar.

Men kor mykje varer landbruket kan levera i kriser og krig, og korleis resten av verdikjeda er i stand til å foredla og distribuera varene, er eit politisk ansvar.

Akkurat no er fokuset på beredskap stort, og eit godt argument for oss. Men kor lenge toler samfunnet å stå i høg beredskap? Kor lenge er politikarane villige til å ta kostnaden med ein ekstraordinær beredskapssituasjon? Neppe særleg lenge!

Eg trur me ofte byggjer og tenkjer beredskap for feil truslar. Viss trusselen er ein hær av russiske eller amerikanske soldatar som invaderer Narvik eller marsjerer opp Karl Johan, kan me kikka i historiebøkene for å finna løysingar. Men me bør rusta oss for eit heilt anna trusselbilete. Moderne krigføring overbelastar internett, overstyrer strømproduksjonen i kraftverka våre, forstyrrer gassproduksjonen frå Kårståanlegget, sprer misstillit til fag og forskning og bygger ned truverdet til demokratiet. Den trusselen lev me under kvar dag.

Stikkordet er robustheit og berekraft. Å vera robust handlar i stor grad om å ha overskot til å takla det uventa. Berekraft handlar om å kunna stå i beredskap over tid.

Matberedskapen må byggjast i dei ordinære verdikjedene. Me i Rogaland representerer ein effektiv volumproduksjon. Fokuset er ofte stort på småskala, kortreist og nisjeprodukt. Men det er kjende merkevarer, kjøpte over disk i ein av dei tre store butikkjedene, som mettar den store delen av det norske folk.

Eg trur at dei som profilerer potetåker på plenen, pallekarm på terrassen og gjeldsauer på utmarksbeite som beredskap, tek feil. Dei vil ikkje vera leveringsdyktige i ei krise.

Eg er overtydd om at matberedskap blir bygd gjennom å sikra at Felleskjøpet har råvarer og straum til å produsera kraftfôr. At kraftlaget prioriterer straumforsyning til matproduksjon ved uvêr og rasjonering. Og at næringsmiddelindustrien har gode beredskapsplanar og desentraliserte lager.

Mat går ikkje av moten. Det er også ein av dei forbruksvanane det sit langt inne for politikerane å tukla med. Eg er ganske sikker på at dei partiene som vil påtvinga forbrukerane eit anna kosthold enn deira førstevalg, blir straffa av velgerane.

Det gir oss ein viktig stemme i jordbruket. Me skal fortsetja å fortelja både forbrukerar og politikerar om kvifor busetnad i heile landet er viktig, kvifor sjølvforsyninga på haldast høg og kvifor bonden treng inntekt og velferd på nivå med andre.

Bondelaget er og blir den viktigaste stemmen for bonden inn imot Storting og Regjering. Me skal vera den foretrukne partneren når mat og jordbruk blir debattert i Stortinget, og når enkeltbonden møter sine forutsette utfordringar i kvardagen.

For andre år på rad vann Rogaland Bondelag vervekonkurransen i Norges Bondelag. Det må jo tolkast som at bøndene ser på oss som sitt foretrukna talerør. Nå gler eg meg til å høyra alle dei innspela de ynskjer å gje frå denne viktige talarstolen.

Takk, og god debatt!