Norges Bondelag og Norsk Bonde- og Småbrukarlag har i dag inngått jordbruksavtale med staten med ei ramme på 3,66 milliardar kroner. Det gir ein forhandlingsgevinst på 460 millionar kroner samanlikna med statens opprinnelege tilbod.

Inntektsgapet er tetta

Stortinget har vedteke at bønder skal ha inntektsmoglegheit på nivå med andre grupper i samfunnet, og har definert ein samanlikningsmodell mellom næringsdrivande bønder og lønsmottakarar. Opptrappinga skal fullførast i 2027 – det året denne avtalen gjeld for. Staten sitt opprinnelege tilbod innebar framleis eit gap på 18 000 kroner per årsverk.

– At me i årets forhandlingar fekk tetta inntektsgapet er ein viktig prinsippiell siger, seier Ståle Hustoft, fylkesleiar i Rogaland Bondelag.

Ammeku, sau og planteproduksjon prioritert

Bønder med ammeku, sau, korn og grøntproduksjon er dei mest prioriterte i årets oppgjer. I tillegg er det ein sterk miljøprofil, mellom anna med finansiering av ytterlegare tiltak rundt Oslofjorden.

– Jordbruket har slått ring om dei produksjonane som over tid har hatt lågast inntekt – ammeku og sau. Samstundes prioriterer staten planteproduksjon som korn, grønnsaker, frukt og bær, forklarer Hustoft.

Sjølv om ammeku og sau er prioritert i forhandlingane, viser staten generelt motvilje mot å satsa på raudt kjøt.

- Husdyra våre har alltid vore ein viktig del av kosthald og kultur. Me må jobba for ei felles forståing for at det ikkje er kyrne og sauene som fører til klimaendringar - beitedyra kan derimot vera ein del av løysinga gjennom avl, friskare dyr og god foring, presiserer Ståle Hustoft.

Krevjande for volumprodusentane

Rogaland Bondelag merkar seg at viktige volumprodusentar, mellom anna på Jæren, ikkje vert prioriterte i årets oppgjer. Fleire melder at avtalen ikkje gir naudsynt kostnadsdekning.

– Det er svært utforKonkurransekraft og kjedemaktdrande at enkelte produsentar korkje får auka overføringar over statsbudsjettet eller har høve til å løfta kostnadsauken ut i marknaden. Dette svekkar økonomien for dei som bidreg til eit betydelig matvolum og stor verdiskaping, også i næringsmiddelindustrien i Rogaland, seier Hustoft.

Avtalen legg vekt på at bøndene skal henta meir av inntekta i marknaden – noko jordbruket sjølv også ynskjer. Det krev målretta arbeid framover.

– Det må gjerast ein jobb med å auka konkurransekrafta for norske produkt. Det handlar mellom anna om styrka importvern og å styrka bonden si rolle i verdikjeden gjennom å kontrollera kjedemakta i butikkleddet, seier Hustoft.

Ein prinsippielt viktig avtale

– Årets jordbruksavtale er prinsippielt viktig, og me er glade for at Regjeringa viste forhandlingsvilje slik at partane kunne einast, avsluttar Ståle Hustoft.