Jordbruket sitt klimaarbeid og klimaforpliktelsar er imidlertid ikkje sett på pause.

I si pressemelding skriv Norsk Melkeråvare at bruken av Bovaer er sett på pause i påvente av meir kunnskap om kva som har forårsaka negative effekter i enkelte danske besetningar som bruker fôrmiddelet. 

- Dette er ei fornuftig avgjersle, seier fylkesleiar Ståle Hustoft.  Ein må stoppe dette til ein finn ut om avvika skuldast middelet, doseringa eller andre forhold.

- Klimaarbeidet vårt er viktig. Me lev av og på jorda, og merkar klimaendringane. Å redusera utslepp av klimagass er heilt avgjerande for å unngå dei mest belastande klimaendringane, men også som grunnlag for politisk gjennomslag og å lukkast med å selgja varene våre i marknaden. Norske forbrukerar er opptatt av klimaavtrykk på maten dei et. Men me kan aldri gjera klimatiltak som kan gå på bekostning av andre mål i landbruket, som lønsemd, dyrevelferd og miljø.

- Når det nå er usikkerhet rundt årsaken til enkelte negative funn, er det fornuftig å ta ein fot i bakken inntil ein har avklart om dette skuldast Bovaer eller har andre årsaker, seier Hustoft. 

- Utprøvinga i norske fjøs er gjort med tett oppfylgjing, og det er ikkje dokumentert tilsvarande avvik i Norge. 

Klimaarbeidet vert ikkje sett på vent

Jordbruket har ein intensjonsavtale med staten om å kutta fem millionar tonn CO2-ekvivalenter innan 2030. Klimaarbeidet består av mange ulike tiltak, og desse held fram som før.

Hustoft vonar på snarleg avklaring rundt utprøving og bruk av metanreduserande fôrmiddel.

- Alle klimatiltaka i landbruket sin klimaplan er viktige, me treng å lukkast med alle, men det vert ekstra krevjande å oppfylla våre forpliktelsar utan metanreduserande förmiddel, då kutt i metan gir rask, stor og dokumenterbar effekt.