Bønder får støtte til tuberkulosetesting av storfe
Bønder som deltek i tuberkulosetesting av storfe kan no søkja støtte til ekstra mannskap. Målet er trygg dyrehelse og god dyrevelferd.
• Søknadsskjemaet er enkelt å fylle ut. Søknader blir behandla og utbetalte fortløpande.
• Ordninga gjeld så lenge midlane frå Bærekraftfondet rekk.
Rogaland Bondelag og Vestland Bondelag har fått tildelt 200 000 kroner frå Bærekraftfondet for å støtta bønder som deltek i Mattilsynet sitt landsomfattande program for tuberkulosetesting av storfe. Midlane skal brukast til å redusera kostnadene for bønder som har hatt behov for ekstra mannskap under testinga.
– Norske forbrukarar skal vera trygge på at maten er fra dyra som er godt ivaretekne. Difor er det viktig at bøndene får støtte når dei legg ned ekstra arbeid i testinga, seier Ståle Hustoft, fylkesleiar i Rogaland Bondelag.
Testing for frisk buskap
Bakgrunnen for testprogrammet er utbrotet av storfetuberkulose i 2022. Mattilsynet gjennomfører no eit omfattande overvåkings- og kontrollprogram for å kartleggja smittestatus og sikra at Noreg held på fristatus.
Storfetuberkulose er ein alvorleg sjukdom. Testing og kontroll er derfor heilt avgjerande for å avdekkja eventuell smitte tidleg, hindra spreiing og ta vare på tilliten til norsk storfehald og norsk matproduksjon.
– Skal testinga vera trygg og forsvarleg, må det også vera nok ressursar til å gjennomføra ho. Det vil tena både dyrevelferda og gjera dyrehandteringa tryggare for folk, seier Hustoft.
Stor innsats på gardane
Tuberkulosetesting krev mykje praktisk handtering av dyr. Alle dyr over seks veker skal fikserast og handterast to gonger, med tre døgn mellom.
Testing blir gjennomført av Mattilsynet, men bonden må stilla med naudsynt mannskap til flytting og fiksering av dyra. Når mange dyr skal handterast på kort tid, er det viktig med nok folk og gode rutinar.
Dette handlar både om trygg gjennomføring, god dyrevelferd og å redusera risiko for skadar på både dyr og folk.
For mange bønder betyr testinga ekstra arbeid, meir risiko og auka kostnader, særleg i tilfelle der det er nødvendig med fleire folk enn det som vanlegvis er i drift.
Eit samfunnsansvar
Bærekraftfondet er etablert av Norges Bondelag og Gjensidige for å støtta førebyggjande og berekraftige tiltak i landbruket. Midlane frå fondet skal no gå til ei mellombels støtteordning for bønder som er omfatta av tuberkulosetestinga.
– Dette er ikkje testing berre for bonden si skuld. Dette er eit felles samfunnsansvar for å halda alvorleg smitte borte frå norsk buskap. Enkeltbønder kan ikkje bli ståande åleine med ekstrarekninga og risikoen når jobben vert gjort for fellesskapet, seier Bodhild Fjelltveit, 1. nestleiar i Norges Bondelag.
Ho er glad for at ordninga kjem på plass no, og peikar på at behovet for betre rammer for gjennomføringa framleis er stort.
– Eg er glad for at den mellombelse ordninga er på plass for dei som no blir testa i Agder, Vestland og Rogaland. Testinga vert etter kvart utvida til andre delar av landet, og Bondelaget held fram arbeidet med å få betre rammer for gjennomføringa slik at alle kan få hjelp, seier Fjelltveit.
Behov for betre ressursar
Ståle Hustoft understrekar at støtteordninga er eit viktig steg for å gi bøndene ei konkret avlastning, men meiner samtidig at Mattilsynet må få betre ressursar til oppgåva.
– Me meiner Mattilsynet ikkje har heimel, korkje i forskrift for hold av storfe eller Matlova, til å krevja at bonden skal bidra med meir mannskap enn dei som vanlegvis er involvert i drifta. Dette er ein kostnad som burde vore dekka av Mattilsynet, seier Hustoft.
Han foreslår at Mattilsynet sine testteam også inkluderer personell som kan bistå med sikker og effektiv dyrehandtering.
Dette er tuberkulose hos storfe (storfetuberkulose)
- Storfetuberkulose er ein smittsam bakteriesjukdom som i hovudsak rammar storfe, men som også kan råka andre dyr. Sjukdommen utviklar seg gradvis og kan vera vanskeleg å oppdaga tidleg.
- Storfetuberkulose er ein zoonose, det vil seie at smitte i enkelte tilfelle kan gå mellom dyr og menneske. Dette er ein viktig grunn til at sjukdommen blir følgt opp med testing og kontroll.
- Sjukdommen kan gi svekka allmenntilstand, redusert tilvekst og lågare produksjon. Over tid kan dyret tapa vekt. Dersom lungene er påverka, kan det oppstå hoste og pustevanskar. Sidan symptoma ofte kjem seint i sjukdomsforløpet, er testing avgjerande for å avdekkja smitte.
- Smitte skjer oftast gjennom nærkontakt mellom dyr. I fjøs og andre tronge miljø kan smitte også overførast via luft i form av små dropar frå pust og hoste. Risikoen for spreiing aukar ved tett samhald og mykje handtering av dyr.
Noreg har fristatus for storfetuberkulose. Testing og kontroll er viktig for å sikra:
- God dyrehelse og dyrevelferd
- Trygg handtering av dyr og betre tryggleik for dei som jobbar med dyra
- Tillit til norsk storfehald og norsk matproduksjon