Sterk kostnadsvekst rammar matprodusentane og viser at inntektsutviklinga ikkje blei slik ein forventa i jordbruksavtalen i fjor. Krig og uro gjer og at fleire faktorar, som kostnad og tilgang på energi og mineralgjødsel, er usikre i grunnlagsmaterialet for årets jordbruksforhandlingar, seier Ståle Hustoft, styreleiar i Rogaland Bondelag.

 

Torsdag la Budsjettnemnda for jordbruket (BFJ) fram talmaterialet som dannar grunnlaget for årets jordbruksforhandlingar. Nivået på inntektene i jordbruket er justert ned samanlikna med det materialet ein forhandla på i fjor, og det avdekkjer eit betydeleg inntektsgap mellom bønder og andre grupper - eit gap regjeringa har sagt dei vil tette i årets forhandlingar.

 

At grunnlagsmaterialet frå BFJ viser eit lågare nivå enn tidlegare skuldast mellom anna:

  • oppdaterte tal frå SSB som viser at sektoren har hatt høgare kostnader til investeringar og vedlikehald enn forutsett, og
  • at faktiske kostnader har vore høgare enn prognosane.


Totalkalkylen for 2026 frå BFJ viser at samanlikningsinntekta i jordbruket er 63 300 kr lågare per familieårsverk enn samanlikningsgruppa av lønsmottakarar.

- Medan kostnadane våre kan endra seg frå dag til dag, kjem inntekta frå ein marknad der dei fleste prisane blir sett for eitt halvår om gongen, og frå tilskot som er avtalte ni månader før utbetaling. Norske bønder ber ein altfor stor del av risikoen knytt til kostnadsutvikling og usikre marknadsforhold, seier Hustoft.

- Me forhandlar om inntektsnivå, ikkje berre inntektsutvikling. Då må inntektsgapet som no er avdekt, tettast i årets jordbruksforhandlingar.

Grunnlagsmaterialet består av ei totalkalkyle som viser samla inntekter og kostnader for heile sektoren, samt ei berekning av gjennomsnittleg inntekt for dei 32 400 familieårsverka i norsk matproduksjon. Hustoft minner om at det er stor variasjon mellom produksjonar, regionar og driftsstorleik.

- Me har gjeve vårt forhandlingsutval eit tydeleg mandat til å prioritera eit inntektsløft for dei produksjonane som ligg lågast: ammeku og sau.

På same måte som i fjor skal årets jordbruksforhandlingar føregå i ei tid med krig og uro i vårt nærområde. Det gjer at det også i år er usikkert korleis marknaden, kostnader og tilgang på innsatsfaktorar vil utvikla seg. Samstundes har Regjeringa utnevnt 2026 til totalforsvaråret.

 

- Norge må auka matproduksjonen og verdiskapinga i heile landet og sikra ei robust verdikjede frå jord til bord. Det får vi ikkje til utan forutsigbarheit i landbrukspolitikken og utan at bønder i heile landet får eit inntektsnivå som gjer at dei kan investera for framtida - og samstundes ha høve til inntekt og velferd på nivå med andre.