Det handlar om tryggleik, levande bygder og sjølvråderett. Norsk matproduksjon er heilt avgjerande for at Noreg skal klare seg når verda rundt blir uroleg.

Regjeringa har i si totalberedskapsmelding slått fast noko bønder har visst lenge: Matproduksjon på norske ressursar er ein nøkkel for landet. I ei tid med klimakrise, krig og ustabile handelssystem kan vi ikkje lene oss på import. Vi må kunne produsere maten sjølv – der vi bur.

Eit sterkt landbruk krev både store og små bruk over heile landet. Dette er grunnlaget for høgare sjølvforsyning og trygg mat på bordet. Bøndene bidreg dessutan langt utover produksjonen – ved flaum, brann og andre kriser stiller vi med kunnskap, utstyr og lokalkjennskap.

Men skal vi nå målet om meir norsk matproduksjon, må det løne seg å vere bonde. Då trengs eit sterkt tollvern, auka inntektsnivå og investeringsmoglegheiter. Utan dette forsvinn både matsikkerheita og framtidstrua i næringa.

Valet i 2025 må bli eit beredskapsval. Norsk matproduksjon er kritisk infrastruktur – like viktig som energi og forsvar. Vi treng politikarar som ser verdien av norsk landbruk og vågar å satse på landbruket som ein del av løysinga for framtida.

Stem på dei som gjer det mogleg å vere bonde. Det kjem oss alle tid gode.

 

Eirin Trintrud
Leiar i Buskerud Bondelag