Ny Unesco-status for stølsdrift

Stølsdrift har fått plass på Unesco si liste over immateriell kulturarv. – Dette gjer meg stolt, seier fylkesleiar Eirin Trintrud.
Det var Hallingdølen som omtalte saka først: Buskerud Bondelag kan med glede melde at den norske seterkulturen, inkludert stølsdrift, no har fått plass på Unesco si liste over immateriell kulturarv. Denne anerkjenninga er eit viktig steg for å bevare og fremje den unike norske landbrukstradisjonen.
– At stølsdrift no har fått ein plass på Unesco si liste over immateriell kulturarv gjer meg stolt. Ikkje fordi støling er noko som er museumsverdig, men fordi stølsdrift kan og bør vere ein del av moderne matproduksjon, seier Eirin Trintrud, leiar i Buskerud Bondelag.
Viktig for berekraft og dyrevelferd
Stølsdrift er ikkje berre ein tradisjon, men også eit symbol på berekraftig ressursutnytting og god dyrevelferd. Trintrud understrekar kor viktig det er å halde liv i denne praksisen.
– Støling er sjølve definisjonen på berekraftig ressursutnytting, det er i aller høgste grad beredskap og ikkje minst er det god dyrevelferd. Sjølvsagt skal stølsdrift også vere viktig i framtida, seier ho.
Hevar statusen til stølsdrift
Med denne nye statusen håpar Buskerud Bondelag at fleire vil få auga opp for verdien av stølsdrift og seterkultur. Trintrud meiner at Unesco-statusen vil bidra til å heve statusen til denne viktige delen av norsk landbruk.
– Verdien av ressursforvalting og beitebruk i utmarka er stor, men ikkje særleg lønsam. Derfor er det viktig at det blir lagt til rette for støling og at det følgjer med midlar i form av økonomisk støtte. Auka sjølvforsyning er eit politisk mål og det å bruke stølane er ein del av løysinga, seier Trintrud.
Buskerud Bondelag ser fram til å arbeide vidare med å fremje stølsdrift og seterkultur, og håpar at denne anerkjenninga vil inspirere fleire til å støtte opp om denne viktige tradisjonen.