LEIARTALE – ÅRSMØTET I BUSKERUD BONDELAG


Gode årsmøte.

Takk for året som gjekk. For diskusjonar og engasjement. For at de lyttar og for at de 
utfordrar.
2025 var eit valår, og det prega arbeidet vårt i stor grad. I eit valår må me vere både 
tydelege og tolmodige. Bondelaget arbeider politisk kvar einaste dag – ikkje berre i 
valkamp, men gjennom heile året. Me byggjer relasjonar, deler kunnskap og står i dialog 
med politikarar på alle nivå. Det er slik me skapar tillit. Og det er den tilliten som gir oss 
truverd når avgjerdene skal takast.
For gjennomslag kjem aldri av seg sjølve. Me står i eit debattklima som til tider er prega 
av høg temperatur og sterke kjensler, både innad i næringa og utanfrå. Meiningane er 
sterke, og frontane kan bli harde. Nettopp då er det avgjerande at me held fast på det 
som er styrken vår: Fellesskapet.
For politisk arbeid er eit langsiktig lagspel. Og det er nettopp i fellesskapet styrken vår 
ligg.

Ei uroleg verd – og landbruket si rolle

Verda er uroleg. Kor mange gonger har me ikkje høyrd denne frasen dei siste åra? 
Det er ingen tvil om at totalberedskap, matvaresikkerheit og landbruket si rolle i krise blir 
viktige tema framover. Landbruket sit på mange av løysingane, men myndigheitene er dei 
som sit på ansvaret. Difor er eg glad for at Norges Bondelag no vil intensivere og 
strukturere beredskapsarbeidet ytterlegare.
Alle er einige om at beredskap er viktig og at landbruket spelar ei nøkkelrolle. 
Men kven har ansvaret, og kva må til for å styrke beredskapen? Festtaler har me høyrd 
nok av. No trengs handling og konkrete tiltak.
Og det passar bra, for 2026 er totalforsvarsåret. Her må bonden og matproduksjonen 
sjølvsagt ha sin plass. For mat er grunnleggande tryggleik. Alle vil ha ein bonde som 
beredskapsvenn. Men bonden må også ha eit sikkerheitsnett. Når det smell i Midtausten 
ser me kor sårbare me er. Gjødselsalet vart stoppa nesten over natta og oljeprisen fyk til 
værs. Det er nye tider no.

EU-debatten

I urolege tider er det fleire som peiker mot eit tettare europeisk samarbeid. Me ser at EU-debatten er i ferd med å blusse opp på ny. La meg vere tydeleg: EU-medlemskap er ikkje 
eit alternativ for norsk landbruk. Det er ikkje mogleg å føre ein sjølvstendig nasjonal 
landbrukspolitikk innanfor EU sitt system. Sjå berre på situasjonen i Brüssel, der bønder 
i frustrasjon har demonstrert mot rammevilkår dei ikkje rår over.
Me har noko heilt spesielt i Noreg: Lågt konfliktnivå, dialog med styresmaktene og ein 
reell forhandlingsrett. Den norske modellen skal me halde fast ved – og vidareutvikle.
I fjor haust fekk eg vere med å feire at Hovudavtala fylte 75 år. Gjennom desse åra har 
forhandlingsinstituttet vore sentral for å regulere inntekter, matproduksjon, beredskap 
og sjølvforsyning i Norge.
Det er ei forpliktande avtale og eit samarbeid mellom næringa og myndigheitene. Dette 
var òg modellen i fleire vest-europeiske land etter andre verdskrig. Men mange av desse 
landa har etter den tid avvikla slike avtalar til fordel for mindre forpliktande ordningar.
Her i Noreg står framleis dei fire berebjelkane støtt: Importvern, samvirkebasert 
marknadsregulering, jordbruksforhandlingane og konsesjonsregelverket. Alle fire er heilt 
nødvendige for å oppretthalde eit aktivt landbruk i heile landet – frå Oslofjorden til 
Hardangervidda. Det er som ein krakk med fire bein: Fjernar du eitt bein, velter heile.


Klima – ansvar og realisme

Klima og miljø blir stadig ein større del ein del av jordbruksforhandlingane. Og er det ein 
ting eg har erfart, så er det at klimatiltak ikkje alltid er like populært. Det har vore nokon 
harde diskusjonar. Engasjement er bra, så lenge det er sakleg. Eg håpar berre alle innser 
alvoret, og forstår at her kan me ikkje vere bakpå. 
Klima- og miljødepartementet kom nyleg med sin klimarapport, der dei peikar på endra 
kosthald som eit av dei mest effektive tiltaka for å redusere utslepp. 
I den samanheng er det lagt fram eit forslag om 50 % avgift på raudt kjøtt. Målet er altså
at det norske folk skal endre kosthaldet sitt. Det forslaget vil gjere at sjølvforsyninga går 
ned og mykje av arealet gror att. I praksis vil det bety mindre kjøtt frå fjellbeite og meir 
import frå land med høgare klimautslepp. Her er Bondelaget krystallklare: Dette finn me 
oss ikkje i.
Me kan kutte klimautslepp utan å redusere matproduksjonen. Det er me nøydt til, for
alternativet er færre drøvtyggjarar. Og det uroar meg sterkt at me har eit anna faglag som 
meiner at dette er uproblematisk. Merk dikko det – Bondelaget er garantisten for 
landbruk i heile landet.
I fjor haust fekk me avverja mineralgjødselavgift. Forhåpentlegvis får me avverja avgift på 
raudt kjøtt også. Bovaer blir heller ikkje noko av. Men me må ikkje tru at det er over kvar 
gong me legg ein ball død. Me må vise at me kan kutte utslepp – gjennom jordhelse, 
fôring, gjødsling og avl. Ved å gjere dei riktige grepa, og kutte utslepp per produserte 
eining. Slik me har gjort i over 50 år. Frå generasjon til generasjon har avlingane auka, 
avdråtten blitt høgare, kvaliteten betre. Det arbeidet fortsett, men i tillegg må me 
dokumentere det. Og har de enda ikkje logga inn på klimakalkulatoren – ver så snill og 
gjer det. Det er dokumentasjonen vår. Det er beviset på at me driv med klimaarbeid kvar 
dag. For det hjelper ikkje at me er gode viss ingen veit det. 


Rekruttering

For eitt år sidan la World Economic Forum fram ein rapport om arbeidsmarknaden i 
framtida. Der vart landbruk peika på som ein av sektorane som kjem til å vekse mest dei 
neste fem åra. Det seier noko viktig: Verda treng meir mat – og meir kompetanse innan 
matproduksjon. Me må framsnakke landbruket og vise at dette er ei attraktiv næring.
Denne våren får de i lokallaga ei viktig oppgåve: De skal gjere stas på bønder under 35 år. 
Me har lister, og me veit at dei finst i alle lokallag i Buskerud. Det er godt å bli sett, og 
som sjølvstendig næringsdrivande er det ikkje ofte me får ein klapp på skuldra. Men 
dette handlar ikkje berre om merksemd – det handlar om å gi dei unge tilhøyrsle og 
framtidstru. For det er dei som skal bere næringa vidare. Me må sørgje for at dei blir 
tekne godt imot og at dei opplever det som naturleg å vere ein del av lokallaga og 
fellesskapet vårt. 

Lokallaga – ryggrada i organisasjonen

For lokallaga er sjølve ryggrada i Bondelaget. Arbeidet de gjer ute på bygdene betyr meir 
enn de kanskje tenkjer over. Det er der me byggjer omdømme, rekrutterer nye 
medlemmer og held kontakten med lokalsamfunnet. Lokallaga må vere synlege og 
inkluderande. Ver eit lag andre ønskjer å vere ein del av – for styrken vår ligg i at me er 
mange som står saman.
Bondelagsarbeid er større enn kvar og ein av oss. Det er meiningsfullt arbeid i ein 
profesjonell organisasjon som kvar dag arbeider for betre vilkåra for bonden. Av og til blir 
det framstilt som om me driv maktspel i kulissane – som då det på Debatten vart hevda 
at me «pumpar venstresida full av pengar». Sanninga er langt meir jordnær: Me inviterer 
politikarar inn i fjøset. Me viser dei kvardagen. Me deler kunnskap, tal og erfaringar – frå 
oss som står i produksjonen kvar dag.
Men fellesskap krev deltaking. Ingen kan gjere alt, men alle kan gjere litt – slik me stiller 
opp i FAU, i idrettslaget eller andre stader me kjenner ansvar. Slik byggjer me
organisasjonen vidare. Slik tek me vare på krafta i fellesskapet.
Når me står samla, då får me gjennomslag.

Jordbruksforhandlingane

Og gjennomslag treng me no når me straks går inn i årets jordbruksforhandlingar. De har 
lagt ned eit imponerande arbeid med gode og grundige innspel. Oppslutninga har vore 
rekordhøg – ikkje berre nasjonalt, men òg i Buskerud. Det viser engasjement og alvor.
I Buskerud Bondelag sitt innspel er me tydelege: Bonden treng økonomisk 
føreseielegheit. Me må styrke velferdsordningane, slik at også bønder kan prioritere fritid 
og familie. Grovfôrbaserte produksjonar må løftast og distriktsprofilen må ivaretakast. 
Me må òg leggje til rette for auka kornproduksjon, og me må styrke såkornberedskapen.
Dette er heilt nødvendig om me skal auke sjølvforsyninga og for å kunne klare oss i ei 
krise. 
Samtidig er Buskerud-bonden oppteken av at kvalitet skal lønne seg. Me må ha eit 
system som premierer god drift og høg kvalitet – og som tydeleg skil næring frå hobby. 
Landbruk er samfunnsoppdrag og verdiskaping, ikkje fritidssyssel.
Også i år påpeiker me at risikoavlasting må tilpassast slik at næringa står betre rusta når 
uføresette hendingar skjer. Samtidig må potten til investeringar aukast og systemet må 
forenklast, særleg for investeringar som gir rask effekt og klimagevinst.
No forventar me at Arbeiderpartiet er bevisst sitt ansvar. Me er ei politisk næring. Me er 
avhengige av økonomi og føreseielegheit for at fleire skal våge å investere – og for at unge 
skal velje landbruket som sin veg.
Matproduksjon er grunnleggande på så mange nivå: Det handlar om trygg mat. Om 
forvalting av naturressursane våre. Om arbeidsplassar, kulturlandskap og beredskap.
Det er meir enn eit slagord – det er eit faktum: Noreg treng bonden.

Avslutning

Då går eg inn for landing, for aller siste gong. For dette er mitt siste årsmøte som leiar i 
Buskerud Bondelag. Det har vore ei reise, og eg er utruleg glad for å ha fått mogelegheita.
Takk for tilliten, takk for samarbeidet. Og takk for motstanden som har gjort meg klokare.
Buskerud er eit fylke med store variasjonar – i landskap, produksjonar og meiningar. Det 
gir rom for gode debattar og tvingar oss til å løfte blikket, sjå heilskapen og tenkje større 
enn oss sjølve. Det gjer arbeidet meir krevjande – men også meir meiningsfullt.
Avslutningsvis vil eg seie dette:
Ja, det er urolege tider. Men éin ting veit me: Så lenge det finst bønder som står opp kvar 
morgon for å produsere mat i dette landet, så står ein av dei viktigaste berebjelkane i 
norsk beredskap støtt.
Det ansvaret skal me bere vidare. Saman.
Takk for meg