Leders tale til årsmøtet

Les fylkesleder, Eirin Trintrud, sin tale til årsmøtet.
Ordførar og gode årsmøte,
Eitt år har gått sidan sist, men det kjennest ut som meir. Mykje har skjedd sidan den gong, og eg er ikkje den same som eg var i mars i fjor. Dette året har forma meg på mange vis, og eg ville ikkje vore utan erfaringa. Som tillitsvalde i Bondelaget opererer me i eit landskap prega av store endringar, der me stadig må kjempe for vilkåra til norske bønder. Endringar blir ikkje skapt over natta, men eg er heilt overtydd om at det går den rette vegen. Og det er takke vere solid innsats og engasjement på alle nivå.
Då eg skulle søke vidaregåande i 2007, ville eg gå naturbruk. Det var ikkje det mest opplagte valet den gongen, og eg var ein av få som valde den retninga. Medelevar og lærarar meinte eg burde velje noko anna – noko tryggare og meir framtidsretta. No, nesten 20 år seinare, ser me kor viktig landbruket er for framtida. Nyleg skreiv NRK om kva yrke som blir avgjerande i åra som kjem, og øvst på lista stod bonden. I krisetider blir det tydeleg – prioriteringane snur, og det grunnleggande kjem i fokus. For kva er det viktigaste i eit samfunn? Kva ligg nedst i Maslows behovspyramide? Jo, det er mat.
Matproduksjon er ikkje berre viktig – det er livsviktig. Og me som er her i dag, me er framtida. Det kjem alltid til å vere bruk for matproduksjon. I ei uroleg verd er det liten tvil om at det er fornuftig å oppretthalde og auke matproduksjonen innanfor eigne landegrenser. Det handlar om å rigge oss for framtida, om å redusere sårbarheita vår og utnytte eigne ressursar.
Men for å utvikle landbruket må me ha med oss nye generasjonar. Og for å få med oss ungdommen må me prate næringa opp, ikkje ned. Me må vise kor meiningsfull denne jobben er, og vise at me har trua på framtida – sjølv om det framleis er eit stykke igjen til rettferdig økonomisk utbytte for all tid og kapital me legg i drifta.
Er det ein ting som uroar meg, så er det svartmålinga som skjer internt i landbruket. Skal me oppnå noko som helst, må me stå saman som ein samla bondestand og vise at me er verdt å heie på. Med begeistring skal me vise at me er fundamentet for ei robust matforsyning, ein sterk beredskap og levande bygder.
Talgrunnlag og fjorårets jordbruksforhandlingar
Det landbrukspolitiske året som har gått har vore turbulent. Kort tid etter årsmøtet i fjor kom Stortingsmelding 11. Jordbruksforhandlingane vart ekstra spennande med nytt talgrunnlag. For fyrste gong i nyare tid kunne me måle inntekta på nivå med andre yrkesgrupper.
Så kom det ein ekstraomgang som går inn for landing denne våren. Endeleg ser me enden på ein lang prosess, og omsider kan me fokusere meir på innhald enn teknikalitetar. Sjølv om me hadde våre ueinigheiter undervegs fekk me på plass viktige prinsipp. Ikkje minst kom målet om 50 % sjølvforsyning innan 2030. Det blir viktig for oss i åra som kjem.
Auka sjølvforsyning
Auka sjølvforsyning er eit klart politisk mål – og det er avgjerande for norsk beredskap. Det må me minne politikarane på, gong på gong. Totalberedskapsmeldinga slår fast kor viktig dette er. Skal me sikre meir norsk matproduksjon, må landbruket få rammevilkår som gjer det mogleg å investere for framtida.
Då må også bonden sin økonomiske tryggleik styrkast, slik at ein har sikkerheit ved uførutsette hendingar som produksjonssjukdommar og ekstremvêr. For to år sidan kom Hans, og i fjor gjorde lokale haglbyger stor skade lokalt. Samtidig er både blåtunge og hønsehirse eksempel på nye uromoment me må forholde oss til. Kvar bonde tek stor risiko på vegner av storsamfunnet – det er på høg tid at me får eit betre sikkerheitsnett.
Val 2025
I år er det valår. Me veit at god landbrukspolitikk er ei investering i norsk beredskap og tryggleik. Historisk sett har bønder hatt ein viktig funksjon i politikken. Me er vanskelege å knekke, fordi me kan i prinsippet vere sjølvforsynte i ei krise. Det trugar sentraliserings- og effektiviseringstanken. I 2025 er dette igjen til vår fordel. Landbruket sit på løysingane, både når det gjeld sjølvforsyning, energi og klima. Me bidreg med så mykje meir enn mat – me sikrar verdiskaping langt utover oss sjølve.
Men skal me sikre mat på bordet til komande generasjonar, må norsk landbruk styrkast gjennom målretta tiltak, slik me har gjort gjennom 75 år med jordbruksforhandlingar. Me må verne om dei fire berebjelkane i landbrukspolitikken: Tollvernet, samvirkebasert markedsbalansering, jordbruksforhandlingane og konsesjonsregelverket. Slik kan me oppretthalde eit aktivt landbruk i heile landet. Me skal krevje at politikarane forpliktar seg til ein landbrukspolitikk som sikrar at me faktisk når sjølvforsyningsmålet.
Beredskap og nasjonal tryggleik
Om me løftar blikket og ser utanfor landegrensene er det ingen tvil om at verda er uroleg. Krigen i Ukraina har for alvor vist oss kor sårbare globale forsyningslinjer er, og kor raskt ei krise kan ramme matforsyninga. Handelsspenningsforholda hardnar til og nasjonale interesser går føre internasjonalt samarbeid. Me kan ikkje lene oss på import av mat og innsatsfaktorar. Norsk matproduksjon er kritisk infrastruktur, like viktig som energi og forsvar. Eit land utan eigen matproduksjon står svakt i møte med krise.
Difor er styrking av norsk landbruk ikkje berre eit spørsmål om næringspolitikk – det er eit spørsmål om nasjonal tryggleik. Skal me vere førebudde på framtida må sjølvforsyninga opp, og norsk matproduksjon må bli langt meir robust. Dette krev langsiktige investeringar i både produksjonsapparat og beredskapslager. Det må bli meir lønsamt å dyrke den jorda me har, og bonden må få økonomisk tryggleik for å halde fram med å produsere mat.
Politikarane har eit ansvar for å sikre at landbruket blir sett på som den livsviktige beredskapsressursen det er – og at det blir satsa deretter. Beredskap handlar om å førebu seg før krisa kjem, ikkje etterpå.
Årets jordbruksforhandlingar
For å sikre eit framtidsretta landbruk som er attraktivt å satse på for både ungdom og storsamfunn, må me ha klare prioriteringar. Auka sjølvforsyning og beredskap står sentralt, og Buskerud Bondelag har difor følgjande hovudkrav inn mot årets jordbruksforhandlingar:
Først og fremst må opptrappingsplanen for inntektsutjamning følgjast opp, slik at me held fram med å tette inntektsgapet mellom bønder og andre yrkesgrupper. Samstundes må beredskapen styrkast, mellom anna gjennom etablering av såkornlager og eit fortsatt sterkt fokus på matkornlager.
Det er avgjerande at bonden får betre risikoavlasting, slik at uføresette hendingar ikkje trugar økonomien i drifta. Investeringsmidlar må styrkast, slik at bønder kan fornye og tilpasse produksjonen i takt med framtidas krav. Samstundes må me sikre at landbruket speler ei viktig rolle i det grøne skiftet, med satsing på fornybar energi og klimatiltak som både reduserer utslepp og styrkar økonomien på gardsnivå.
Særleg dei grovfôrbaserte produksjonane må få betre økonomiske rammevilkår. Ammekuproduksjon har lenge hatt svak økonomi samanlikna med andre produksjonar, og her må det takast grep for å sikre lønnsemd og rekruttering. Landbruket må vere ein næring der det løner seg å satse, både for dei som driv i dag og for dei som skal ta over i morgon.
Buskerud speglar mangfaldet i norsk landbruk, og for å løyse oppgåva treng me alle – både store og små gardsbruk, i flatbygd og fjellbygd. Kanaliseringspolitikken må ikkje berre ivaretakast, men styrkjast, slik at gras- og beiteressursane blir utnytta optimalt. Det må lønne seg å dyrke matkorn der forholda ligg til rette for det, og likeeins må grovfôrbasert produksjon vere økonomisk berekraftig der ressursgrunnlaget tilseier det. Me må ha eit system som premierer god drift og høg kvalitet. Det skal lønne seg å drive godt.
Kven er me til for?
Kvar einaste dag bør me i Bondelaget stille oss dette spørsmålet: Kven er me til for?
Svaret er enkelt: Bondelaget er til for bonden – for dei som står opp tidleg, legg seg seint og held hjula i gang. Me skal skape ei framtid der norsk matproduksjon er liv laga. Me skal vere kjent for å stå samla og for å produsere trygg mat på norske ressursar. Og me skal aldri vike i kampen for auka inntekt og betre rammevilkår.
Berre slik byggjer me laget – og sikrar framtida for norsk landbruk.
Takk for innsatsen, og takk for meg