Kjære bondelagsmedlem


Jula gir rom for refleksjon og ettertanke. 2024 har vore eit intenst landbrukspolitisk år, og når me no nærmar oss slutten er det framleis mykje som ikkje er landa. Det manglar eit talgrunnlag med politisk forankring – her er det kritisk at det skjer noko. Samtidig ventar me stadig spent på ny gjødselbruksforskrift og dyrevelferdsmelding. 
Gjennom 2024 har me fått fleire viktige gjennomslag, som viser at langsiktig arbeid nyttar. For å nemne noko: Det har endeleg blitt innført prosenttoll på potet. Mjølkeprodusentar fekk eit ekstra grunntilskot frå juli. Det er kome lovnader om jordbrukskonto. Og i februar kjem resultatet av årets forhandlingar inn på konto. 


Arbeidet inn mot neste jordbruksoppgjer er allereie i gang. Me starta som vanleg med kick off på Tyrifjord tidlegare i desember. Over nyttår blir det regionmøter både øvst og nedst i fylket samt på Teams. Her håpar eg at de som medlemmar nyttar høvet til å diskutere, stille spørsmål og kome med innspel. 
2025 kjem til å by på både kjente og ukjente utfordringar. Det er viktig at me står samla når me no går inn i eit år med stortingsval. Ein ting er sikkert, me som Bondelag skal brøyte veg og kjempe for gode rammebetingelsar og inntekt på lik linje med andre. 
Det er ingen tvil om at lokallaga er grunnfjellet i Bondelaget. Aktive lokallag som inviterer til bondepub og sosialt lag er gull verdt. Det er utruleg inspirerande å besøke dykk og sjå kva de har fått til. Spesielt vil eg trekke fram Nes og Flå Bondelag som vart kåra til årets bondelag under årsmøtet til Norges Bondelag i juni. Det var vel fortent! 


Kontoret har som vanleg vore fabelaktig. Eg vil rette ein stor takk til Wenche og Kaja, og ikkje minst til Ole Andreas som gjekk av med pensjon i haust. 
Sjølv om gardslivet sjeldan byr på fridagar håpar eg de får høve til litt rolegare dagar i jula. Eg ser fram til meir tid med dei som betyr mest, med norsk juletre i stugu og sjølvsagt norsk julemat på bordet. 
Med det vil eg si takk for maten og ynskje ei riktig god jul!


Beste helsing Eirin