Kjære medlem i Buskerud Bondelag,

No når jula nærmar seg, er det igjen tid for refleksjon. Me ser attende på året som gjekk, og gjer oss klar for det arbeidet som ligg framfor. 2025 har vore eit år med mykje aktivitet, engasjement og viktige løft for landbruket vårt.

Gjennom året har Buskerud Bondelag stått samla, med lokallag som har vist styrke og fellesskap. Det gode engasjementet rundt jordbruksforhandlingane viser gong på gong kor viktige lokallaga er. Eg håpar de vil halde fram med å stille kritiske spørsmål, dele erfaringar og gi tydelege innspel.

Året 2025 var i stor grad prega av stortingsvalet. Mykje tid har gått med til politikarkontakt – også etter valet, i tilknyting til statsbudsjettet. Me opplever at stemma vår blir høyrd. Samtidig veit me at utfordringane ikkje er over. I tida framover ventar nye avgjerder rundt rammevilkår, dyrevelferd, klima og miljø – saker som angår oss alle, og som krev at me står samla. Difor er det viktig at me fortsett å samarbeide tett, med eit felles blikk for både den enkelte bonden og det samla landbruket i Buskerud.

Eg håpar de får høve til rolege dagar i jula – med familie, gode vener, norsk julemat, norsk juletre og alt som høyrer med. La jula vere eit pusterom før me tek nye tak for gode rammevilkår og rettferdige inntektsmoglegheiter i året som kjem.

Takk for innsatsen i 2025. Og ikkje minst: Takk til kvar og ein. Til aktive lokallag, tillitsvalde, og til kvar enkelt som bryr seg om landbruket vårt. Med dikko på laget står Buskerud Bondelag sterkt.

Med ynskje om ei riktig god jul, og eit nytt år med inspirasjon, samhald og framdrift!

Helsing
Eirin Trintrud
Fylkesleiar, Buskerud Bondelag