Vil ha fokus på nytteeffektivt jordbruk

  • Tips en venn om denne siden

Fylkesårsmøte M&R Bondelag 4. mars 2017

- Å si at svaret på jordbrukets utfordringar er at politikken skal ha hovudfokus på kostnadseffektivt jordbruk blir eit god dag mann økseskaft-svar. Vi må i staden fokusere på det jordbruket som gir størst nytteeffekt for samfunnet, og innføre begrepet nytteeffektivt jordbruk, meiner fylkesleiar Oddvar Mikkelsen.

Det sa fylkesleiaren i si tale på fylkesårsmøtet i Møre og Romsdal Bondelag på Hotell Alexandra i Molde laurdag 4. mars. Eitt år har gått sidan han tok over som leiar. Mikkelsen medgav at det har vore eit krevande år på mange måtar, men også eit interessant og artig år med bratt læringskurve.

Her er talen til fylkesleiar Oddvar Mikkelsen til fylkesårsmøtet:

Det er optimisme og satsingsvilje i jordbruket i Norge. Riktig nok ujamt fordelt både i landet og i fylket. Dels er satsinga eit resultat av at økonomien i stordrift har vorte betre og det er lov å drive større enn før. Dels er det satsing i panikk fordi små bruk føler kniven på strupen og må ta ei beslutning fort. Ikkje minst er det eit resultat av at omgrepet jævla bønder no er utgått på dato. Bondeyrket har fått ein høgare status enn det hadde for berre få år sidan. Mange vel å satse fordi folket og media har bore fram ein motreaksjon mot Listhaugs retorikk og politiske syn. I fjor peika Inge Martin Karlsvik frå denne talarstolen på at landbruk har vorte trendy. Det kan vi seie at er ytterlegare forsterka siste året, spesielt i Torjulvågen i Tingvoll der det er heilt crazy. Aldri har landbruk og mat vore meir i media. Mest på godt, men og noko på vondt. Stadig fleire er opptatt av kva dei et. Stadig fleire er opptatt av korleis maten blir laga. Prisen er ikkje lenger hovudfokus.

Det er til stor hjelp når vi skal argumentere for auka satsing på landbruket, og auka prioritering i bruk av fellesskapets midlar. Men det er og eit stort ansvar for kvar enkelt av oss å drive garden vår på ein slik måte at vi tåler at folk går oss etter i saumane. Det er lite hjelp i å peike på at det meste er verre i andre land så lenge det er dårlege eksempel i eige land. Kraftigast reaksjonar blir det når det blir stilt spørsmål ved dyrevelferden. Siste oppslag i så måte er kuvom fylt med rundballeplast.

Mosjonskravet for storfe

Ein av dei tunge sakene dei siste åra er mosjonskravet for storfe. Ein del av medlemmane våre meiner at Bondelaget har gjort for lite for dei som slit med å finne eigna løysingar. Kanskje det, men fylkeslaget her har i alle fall arbeidd mykje med dette, men heile tida ut frå ei grunnhaldning om at det føreligg eit krav, at det i utgangspunktet er positivt for dyra. Seinast under møtet i Skodje for to veker sidan kom det sterk kritikk både mot Bondelaget og mot Mattilsynet, og vi er einige i at firkanta regeltolkning gjer dette unødvendig krevjande. Vi må likevel innsjå at vi aldri vil vinne fram i opinionen med å påstå at dyra har det betre om dei er inne heile året. Kampen må stå om korleis vi skal legge til rette. Da meiner vi gulrot er betre enn pisk, så vi vil nok ein gong foreslå differensiert beitetilskot med 50 % tilskot for åtte veker, 100 % for tolv veker og 125 % for seksten veker. Vi foreslår også fjerning eller sterk reduksjon av foropptakskravet på 50 %. Det vil stimulere til at fleire vel beiting i staden for luftegard. Tilskotet vil bidra til å finansiere investering i gjerder og anna tilrettelegging for å slippe ut dyra.

Tryggere sammen

Eg peika under eit møte med tilsette i tilsynsetatane på at dei må vere bevisste på at når dei er på tilsynsbesøk hos bønder møter dei i ein og same person både dagleg leiar, mekanikar, økonomisjef, HMS ansvarleg, verneombud og brannvernleiar. Dei må difor opptre deretter og ikkje som på ei stor bedrift der kvar av desse rollene er ivaretatt av ein dedikert ansvarleg som vil kunne beherske sitt snevre fagfelt til fingerspissane. Tilsyna må difor balansere kontrollørrolla mot vegleiarrolla. Husdyrbønder er og kanskje den einaste yrkesgruppa som dersom dei får psykiske vanskar, og dette går ut over stellet av dyra, så kan vi risikere tiltale, uthenging både i media og sosiale media, og i verste fall bli frådømt retten til å praktisere yrket i staden for at det blir oppdaga av kollegaer som tek tak i situasjonen og sørger for kvalifisert hjelp. Vi oppfordrar derfor alle til å vere ein god kollega. Ta vare på kvarandre og gi hjelp og ta imot hjelp når det trengst. Ta del i Bondelagets kursopplegg Tryggere sammen.

Prega av landbruks- og distriktspolitikk

For fylkesstyret har året vore fylt med stor aktivitet. Siste kvartal i fjor og første kvartal i år har vore prega av landbruks- og distriktspolitikk på mange måtar. Regjeringa har sett inn sluttspurten på mange av dei prosjekta Listhaug sette i gang i sitt første år som landbruksminister. Vi har i større og mindre grad vore involvert i behandling av høyring om endring av konsesjonslov mm, pelsdyrmelding, skogbruksmelding, jordbruksmelding, bioøkonomistrategi, medieoppmerksomhet om jordbruk og klima. Forvaltningsplan for rovdyr er under revisjon, reglar for mosjonskrav for storfe er sett i verk og skal tilpassast praktisk drift.

Jordvernallianse

Vi har bidratt til oppstart av jordvernallianse i fylket. Denne har nok mellom anna medverka til at i fylkeslandbruksmeldinga som kjem seinare i vår blir det lagt opp til ei maksgrense på omdisponering av 200 dekar dyrkajord. Dette er eit strengt krav godt under vår relative andel av nasjonalt mål på 4000 dekar.

Grunneigarens plass

Vi tek opp grunneigarens plass i forvaltning av utmark generelt, og i verneområde spesielt. Vi meiner Norges Bondelag ikkje har ivareteke grunneigars interesser godt nok på dette området. Vi engasjerer oss spesielt i Dovrefjell, Trollheimen og Reinheimen, men vi vil på generelt grunnlag legge press på Norges Bondelag om å arbeide meir med dette feltet. Vi arbeider og med samerettsutvalgets utredning og vil også der peike at Norges Bondelag har teke for dårleg vare på grunneigarane sine rettar i Trollheimen slik at det no er ein klar risiko for at samiske interesser kan få større plass.

Samarbeid mellom fylka

Vi har i år hatt besøk av fylkesstyret i Troms som vi tok med på besøksrunde i norddelen av fylket og av styret i Norges Bondelag som var i sørdelen og vidare til Sogn og Fjordane. Vi planlegg å møte fylkesstyret i Akershus i løpet av året. Vi opplever at det er nyttig for oss å bli kjent med utfordringane dei har i andre fylke og likeeins skape forståing hos andre fylke og i sentralstyret for dei utfordringane vi har her.

Landbrukspolitisk har vi siste året hatt tett samarbeid med Sogn og Fjordane og Hordaland. Vi gikk hardt ut mot jordbruksmeldinga og anbefalte at den måtte avvisast av Stortinget fordi den på fleire punkt strir mot vedtak som er gjort i sittande storting. Vi meinte at så mykje måtte endrast at Næringskomiteen på Stortinget måtte fungere som sekretariat for regjeringa i staden for motsett.

Vi nådde ikkje heilt fram med dette, heller ikkje i representantskapet i Norges Bondelag, men stor merksemd om innspelet gav god ryggdekning for Bondelaget sentralt når dei fremma sine synspunkt. Det hadde og stor innverknad på bodskap og ordlyd i uttalen frå representantskapet, og la grunnlag for klare meldingar frå fleire stortingspolitikarar allereie lenge før høringsmøtet i komiteen.

Nytteeffektivt jordbruk

Å si at svaret på jordbrukets utfordringar er at politikken skal ha hovudfokuset på kostnadseffektivt jordbruk blir eit god dag mann økseskaft-svar. Vi meiner ein i staden må fokusere på det jordbruket som gir størst nytteeffekt for samfunnet og vil innføre begrepet nytteeffektivt jordbruk.

Innstillinga frå Næringskomiteen skal være ferdig 14. mars og Stortinget behandlar meldinga i plenum 28. mars.

Samarbeid

Knytt til forsking og utvikling samarbeider vi meir med Trøndelag. Vi er i samarbeidsrådet for  Midt-Norge og fylket deltek i Grøn Forsking Midt-Norge. Vi arbeider for tida med vurdering av om Møre og Romsdal skal gå aktivt inn i Landbruk 21 der Trøndelagsfylka samarbeider om mellom anna teknologiutvikling og bedriftsetablering i landbrukssektoren og er i ferd med å få til eit samarbeid med delar av blå sektor. Samarbeidsrådet arrangerer fellessamlinga Levende Landbruk der samvirkeorganisasjonane, faglaga og andre frå alle tre fylka samlast for felles konferanse og separate leiarmøte. I november blir dette arrangert her i Molde.

Det er ei stor styrke for landbruket vårt at vi har slike fagmiljø som Norsøk og Nibio i fylket. Vi samarbeider tett i fleire samanhengar med forskarane på Tingvoll. Blant anna skal vi seinare denne månaden delta med innlegg på to arrangement i deira regi. Vi tek og initiativ til at Norsøk skal få ein meir framtredande plass i økokapittelet i jordbruksmeldinga.

På oppdrag frå Bondelaga i Hordaland, Sogn og Fjordane og  Møre og Romsdal utarbeidde Agri Analyse for eit år sidan rapporten Vestlandsjordbruket, vinn eller forsvinn. Rapporten har vorte mykje bruka i alle tre fylka og var medverkande til at styret i Norges Bondelag valde å legge turen hit i sommar. Rapporten viser at Vestlandet taper andelar av landets produksjon og at inntektsutviklinga er dårlegare her enn i resten av landet. Dette blir bekrefta og forsterka i tal som er lagt fram siste året.

Stortingsvalet

Når vi framover skal arbeide mot jordbruksforhandlingar og stortingsval skal vi huske på at svært få av oss hadde særleg glede av politikken til førre regjering. Bruddet i forhandlingane i 2012 vekte både Sp og Ap. Spesielt har Ap sagt rett ut at vektlegging av landbrukspolitikken sikrar partiet velgarar. Dei argumenterer på heilt anna måte no enn for fem år sidan og vi skal sørge for å halde dei til det dei har lova dei siste åra. Samtidig har begge desse partia vore misfornøgde med at vi har inngått avtale med Frp-statsråd dei to siste åra. Vi skal ikkje legge skjul på at mange bønder har hatt god utvikling dei siste tre åra. For dei største bruka er det for ein stor del på grunn av heving av produksjonsbegrensingar og utflating av satsar og heving av tak på tilskot. Men andre viktige faktorar for inntektsveksten er god drift i samvirkeorganisasjonane, låge renter og gode avlingar. Vestlandsfylka har større andel små bruk og har difor mindre glede av dette enn resten av landet. Når gjennomsnittleg inntektsvekst for bøndene i landet er i området 10-13 % i snitt begge dei to siste åra er det for vestlandsbonden i snitt omkring null. Jon Georg Dale og Erna Solberg rosar sin eigen politikk for inntektsveksten, men nemner ikkje kor låg inntekt vi har i utgangspunktet. I ein SSB-rapport som viser månadsinntekt for 314 yrkesgrupper kjem dei tre gruppene frå landbruket på plassane 297, 305 og 307. Mjølkeprodusentar er slått på målstreken av bingovertar!

Viktig at vi no held saman

Utviklinga er som vanleg ulik, ikkje berre mellom bruksstørrelsar, men og mellom produksjonar. I år vil vi sjå dårlege tal på sau og gode tal på ammeku og storfekjøtt blant anna.  Regjeringa legg opp til å splitte landbruksnæringa, men har så langt ikkje lukkast. Tvert imot har Bondelaget siste året nærma seg Småbrukarlaget i ordbruk og argumentasjon. Ein del store produsentar har lagt merke til dette og kritisert Bondelaget for dette, og meiner vi ikkje arbeider for dei. Tidlegare har det kanskje vore mest andre vegen. Skiftet vart utløyst av dei store endringane Stortinget gjorde etter brotet i 2014, men vart først tydeleg i oppgjeret i 2016. Det er uhyre viktig at vi no held saman store og små, ulike produksjonar, og distrikt og sentrale strøk. Vi har stor oppslutning i dei fleste politiske parti om den linja Bondelaget står for no. Vi har og stor støtte i befolkninga og i media. 

Sjølv om fokuset no ligg på å dra med små og mellomstore bruk på inntektsveksten, så er etter mi meining den fremste og viktigaste oppgåva for Bondelaget å sikre fortsatt tollvern og marknadsbalansering. Og det betyr aller mest for store bruk. Dei vil bli hardast ramma ved prisnedgang.

Den andre store oppgåva er å få slutt på nedgangen i grasbasert produksjon i distrikta på Vestlandet og i Nord-Norge. Å stoppe tendensen til rekanalisering som det blir kalla vil bli avgjerande for fortsatt vekst i matforsyninga og for å halde kulturlandskapet i hevd til glede for fastbuande og turistar.

Ammeku

9. mars har vi møte med landbruksorganisasjonane for å ferdigstille uttalen vår til jordbruksforhandlingane. Takk for innspela som har kome frå lokallaga. Eg vil nemne eit konkret forslag vi kjem til å drøfte og fremme som felles forslag frå fleire fylke: Driftstilskot ammeku er i dag likt over heile landet 3050 kr pr dyr opp til 40. Vi foreslår at i arealsone 5-7 skal dette aukast til 5000 pr dyr opp til 25 og taket hevast i heile landet frå 122 til 125000 kr. Det vil gi betydeleg økning for mindre ammekubesetningar. I tillegg foreslår vi ein ekstra pott investeringsmidlar øyremerka til ammeku i desse arealsonene på 40 mill som saman med fylkas eigne midlar skal gi opptil 45 % tilskot. Krav om maks 100000 kr pr kuplass i kostnad. Maks 750000 tilskot frå ekstrapotten oppå taket på fylkesvise midlar.

Auke i utmarksbeitetilskot og i distriktstilskot storfekjøt.

Klimaavgifter eit blindspor

Den tredje store oppgåva er å skape forståing for at klimaavgifter eller andre begrensande tiltak som rammar grasbasert husdyrproduksjon er eit blindspor. Det er andre og viktigare tiltak som bør settast inn mot klimaendringane enn å redusere antal drøvtyggarar i verda. Vi kan ikkje utrydde gnuane på savannen for å redde klimaet. Nedslaktinga av bison på prærien i Amerika på slutten av 1800 talet har knapt gitt merkbar endring i atmosfæren i følgje isboring på Grønland.

Det er bruken av fossilt karbon som må reduserast. Drøvtyggarane sine metanutslepp er del av ein naturleg biologisk prosess og bør ikkje avgiftsleggast, og spesielt ikkje slik at det opnar for import av matvarer som gir auka utslipp i andre land. Vi må tenkje ressursutnytting, naturlege kretsløp, god agronomi, bærekraft over tid og generell miljøbelastning, ikkje berre brutto utslipp av CO2-ekvivalentar.

Klimarådgjeving på enkeltbruk

Det er difor med ei viss uro vi ser at Norges Bondelag går inn for å bruke ein berekningsmodell kalla Holos-modellen når det no skal i gang klimarådgjeving på enkeltbruk og utviklast klimakalkulator. Denne modellen viser at stivelsesrik rasjon med mykje kraftfor og høg yting isolert sett er gunstigare for klimagassutsleppa. Det går jo stikk motsett av satsing på auka bruk av grasressursar og redusert yting på kua for å få meir storfekjøtt frå mjølkebuskapane.  Reknestykket er nok rett når ein ser på det med skylappar på. Men det er berre ein del av heile sannheta, og andre moment som utnytting av grasressursar, rett gjødslingspraksis, fossilfrie maskiner, energiproduksjon frå gjødsel og avfall, solceller og vasskraft må reknast med.

Politisk kontakt

Vi har mange krevjande oppgåver utover året. Vi er heldige i Møre og Romsdal i det at mange svært sentrale politikarar kjem frå fylket. Landbruksministrar har vorte reine nisjeproduksjon på Sunnmøre, men vi har og Pål Farstad i V og Steinar Reiten frå Krf som sentrale aktørar som vi har mykje kontakt med. Både Sp og AP har dyktige folk med kunnskap om landbruk og haldningar som vi sett pris på. Vi skal ha tett kontakt med alle parti framover, vi har kome med innspel på partiprogram og vi får toppkandidatar med på debattmøte, og vi hadde eit godt og konstruktivt møte med Høgre tidlegare i vinter.

I dette arbeidet er vi avhengige av å ha lokallaga i ryggen heile vegen.

Bondelaget går alltid inn i jordbruksforhandlingane med mål om å få til ein avtale. Likevel må vi vere forberedt på at det ikkje lukkast. Eg har vore med i aksjonsutvalet denne vinteren. Seinare i årsmøtet legg vi fram aksjonsplanane. Vi foreslår to hovudaksjonar. Den eine vil vi ikkje røpe før den eventuelt skal settast i gang. Berre nokre få lokallag som skal delta vil bli informert om denne. Alle andre aksjonar, både positive aksjonar før forhandlingane og protestaksjonar ved brot er det svært viktig med stor oppslutning om. Aksjonsberedskap og deltaking er ei av få plikter eit lokallag har. Det er eit ledelsesansvar i alle ledd å sørge for at aksjonsberedskap og aksjonsvilje er på plass når det trengst.

Eg har vore inne på at vi får kritikk frå medlemmar når dei ikkje er fornøgde med jobben vi gjer. Eg har og kritisert Norges Bondelag på ein del punkt. Dette er slik ein god og livskraftig organisasjon skal fungere. Ein organisasjon som ikkje handterer kritikk oppover på ein konstruktiv måte er ingen god organisasjon. Den som tek på seg verv for å vere einig med dei som sit over har verv på feil grunnlag. Du skal ta verv for å høyre på dei som har valt deg og deretter fortelje dei høgare opp kva dei bør meine og kva dei bør arbeide med. Du skal vere medlem for å kunne forvente at nokon jobbar for deg. Er du ikkje medlem har du heller ingen rett til å kritisere. Vurderer du å melde deg ut, skal du heller ta verv og engasjere deg. Gå ut og verv nye medlemmar, gjerne dei som er kritiske til noko av det vi har stått for. Aller viktigast er det sjølvsagt å gi gode tilbakemeldingar for godt utført arbeid. Det motiverer gode tillitsvalte til fortsatt innsats. Oftast er det slik at når ein ikkje høyrer noko er alt bra, men i landbruket som alle andre plassar bør vi bli flinkare til å glede oss over og rose andres gode arbeid både i kvardagen og i organisasjonane. Difor vil eg rette ein takk til lokallaga og særleg til fylkesstyret og til dei ansatte på kontoret vårt, og gi dei velfortent ros for god innsats. Godt jobba folkens, og det blir enda betre neste år.

Det er mykje eg skulle nemnt som ikkje har fått plass i denne talen og eg beklagar til dei som måtte kjenne seg glømt og utelatt.

Til slutt vil eg ønske godt årsmøte vidare og eg ser fram til ein god debatt utover dagen.

Godt møte!

Styret M&R Bondelag

Gjenvalg i fylkesstyret

Hele styret i Møre og Romsdal Bondelag ble gjenvalgt på årsmøtet i Molde 3. mars. I en uttale påpeker fylkesårsmøtet at en kan spørre seg om det negative klimafokuset på drøvtyggerne er riktig dimensjonert i oljenasjonen Norge.

Styret M&R Bondelag

Gjenvalg i styret i M&R Bondelag

Hele fylkesstyret ble gjenvalgt på årsmøtet 4. mars 2017. Fylkesårsmøtet sier i en uttale at landbrukspolitikk handler om mye mer enn kilo kjøtt og liter melk. 180 personer deltok på konferansen landbruk skaper mangfold i forkant av årsmøtet.

Bondelagets bondevettpris

Bondevettprisen for prosjekt Norges matfat

Lene og Øyvind Havåg fra Herøy i Møre og Romsdal skal spise utelukkende norsk mat i ett år. For dette ble de tildelt Bondelagets bondevettpris på næringskonferansen i Molde 3. mars.

Molde Bondelag kåret til Aktivt Lokallag

Molde Bondelag ble på fylkesårsmøtet kåret til Aktivt Lokallag i Møre og Romsdal Bondelag. Avtroppende fylkesleder Inge Martin Karlsvik overrekte vandrepremien, trekofferten, til leder i Molde Bondelag, Kjersti Fløystad Ellingsgård og styremedlem Sverre Solli.

Fylkesstyret 2016 Møre og Romsdal Bondelag (Arild Erlien)

Oddvar Mikkelsen ny fylkesleiar

Oddvar Mikkelsen frå Surnadal vart på årsmøtet i Molde 5. mars valt til ny fylkesleiar i Møre og Romsdal Bondelag etter Inge Martin Karlsvik, Eide, som hadde sagt fra seg attval etter seks år som fylkesleiar og 11 år i styret.

Frykter løsdriftskravet

Avtroppende fylkesleder Inge Martin Karlsvik sa i sin tale til fylkesårsmøtet at en gjennomføring av løsdriftskravet kan føre til at mange av de 500 båsfjøseierne i Møre og Romsdal vil velge å hoppe av lasset. - Jeg er sikker på at dette blir tidenes største rasjonalisering av norsk melkeproduksjon. De blå-blå sin rasjonaliseringspolitikk vil bare være en lett bris i sammenligning.

Oddvar Mikkelsen leiarkandidat i M&R Bondelag

Oddvar Mikkelsen (biletet) frå Surnadal er innstilt til leiarvervet i Møre og Romsdal Bondelag etter Inge Martin Karlsvik, Eide, som har sagt frå seg attval etter seks år som fylkesleiar.

Dette skjer i Møre og Romsdal Bondelag

Onsdag
26
September

Styremøte M&R Bondelag

Torsdag
04
Oktober

Styretur M&R Bondelag

Onsdag
21
November

Tema- og skattekurs for regnskapskontor

Kristiansund

Våre samarbeidspartnere