Oddvar Mikkelsen (t.v.) er innstilt som ny fylkesleiar etter Inge Martin Karlsvik(t.h.). Her frå styret sitt besøk i 2011 på kraftverket som Oddvar Mikkelsen har bygd på heimgarden i Sunradal. (Foto: Arild Erlien).Oddvar Mikkelsen er 41 år, og driv med mjølkeproduksjon i samdriftsfjøs på heimgarden i Surnadal. Han er tidlegare mangeårig leiar i Surnadal Bondelag, og har vore styremedlem i Møre og Romsdal Bondelag det siste året.

Gunnhild Overvoll, Stranda, er foreslått attvalt som nestleiar i Møre og Romsdal Bondelag. Også Anne Katrine Jensen, Gjemnes og Odd Helge Gangstad, Midsund, har takka nei til attval. Som nye styremedlemmer er foreslått Odd Bjarne Bjørdal, Ørsta og Vegard Smenes, Averøy. Petter Melchior, Norddal, er ikkje på val til styret i år.

Inge Martin Karlsvik går ut etter 11 år i fylkesstyret, av desse 6 år som leiar og 2 år som nestleiar. Anne Katrine Jensen takkar også av etter 11 år i styret. Odd Helge Gangstad vart valt til styremedlem på årsmøtet i 2012, og gjekk ut av styret i oktober sist haust då han vart ny ordførar i Midsund.

Som nye varamedlemmer til fylkesstyret i Møre og Romsdal Bondelag er foreslått Marte Halvorsen, Halsa,som første vara og møter da fast i styret, Rita Dyrnes Flatvad, Sunndal, som andre vara, og attval av Tore Våde, Volda, som tredje vara.

Oddvar Tynes, Stranda, tek attval som ordstyrar i årsmøtet.

Konferanse med 200 deltakarar

Fylkesårsmøtet i Møre og Romsdal Bondelag blir halde på Alexandra Hotell i Molde 4. og 5. mars. I forkant av årsmøtet blir næringskonferansen ”Bondens trengs” halde på dagtid fredag for heile landbruket i Møre og Romsdal. Det er venta nærare 200 deltakarar til konferansen. Konferansen er ein del av fylkesårsmøta i faglaga. Arrangørane Bondelaget, Småbrukarlaget og Fylkesmannen vil samle flest mulig bønder, rådgjevarar, forvaltning, politikarar og andre som har eit varmt hjerte for norsk landbruk.

Konferansier og ein av innleiarane er Gaute Grøtta Grav frå Rauma og Farmen på TV2.

Andre innleiarar er styremedlem i Norges Bondelag, Arnstein Røyneberg, og styremedlem i Norsk Bonde- og Småbrukarlag, Oddvar Vigdenes.

Bøndene Marte Halvorsen, Halsa, Eystein Opdøl, Sunndal og Magnhild Vik, Rauma, vil beskrive situasjonen sett frå grasrota.

Korleis aukar vi matproduksjonen i Møre og Romsdal skal Rose Bergslid frå Nibio, Sverre Heggset frå Landbruk Nordvest og Christian Anton Smedshaug frå Agri Analyse prøve å svare på.

Representantar frå dei politiske partia avsluttar næringskonferansen med diskusjon om korleis vi motiverer bøndene til framleis innsats og korleis vi rekrutterer ungdomen inn i næringa.

Program for næringskonferansen - klikk her