Å vere bonde er ein samansett jobb med ansvar for å drive jorda, stelle dyra og ha det overordna ansvaret for økonomi og driftsleiing på garden. På desse sida har vi samla ein del stoff som omhandlar ulike sider av gardsdrifta: Fagartiklar om jus i landbruket, spørsmål om økonomi og skatt, informasjon om helse, miljø og tryggleik, og informasjon om sertifiseringar og erstatningsordningar.

Norges Bondelag er den leiande organisasjonen for næringspolitikk og service i landbruket. Med 62.000 medlemmer i ryggen jobbar vi for å sikre dei beste vilkåra for norsk matproduksjon. Vi jobbar også for å gje eit godt tilbod til medlemmane våre gjennom lokallag, fylkeslag og gjennom hovudkontoret vårt i Oslo. Vi har ei eiga avdeling for rekneskap og juridisk service som gir råd om jus til våre medlemmar. ​​Som medlem i Norges Bondelag har du også tilgang til standardavtalar gjennom vår medlemsside (krev innlogging).

​Du kan nyte godt av mange fordelar ved å vere medlem i Norges Bondelag. Meir informasjon om medlemsfordelar finn du på våre medlemssider.