Fakta om landbruket i Møre og Romsdal

  • Tips en venn om denne siden

Møre og Romsdal er eit stort landbruksfylke med 10 prosent av landets ku-, storfe-, geit- og sauehald.

Fylket er godt dekka med dei viktigaste matvarer, og er det største matproduksjonsfylket frå land og hav.

Gardsbruk i drift: 2.502 som er 6,5 prosent av landet. Talet på bruk har gått ned med 2.777 frå 1996 til 2017.

Samla  jordbruksareal: 538.000 dekar ( 5,5 % av landet).

Gjennomsnittsgarden i Møre og Romsdal er på 215 dekar. I dei to største jordbrukskommunane, har Fræna eit gjennomsnitt på 306 dekar pr. bruk og Ørsta 198 dekar pr. bruk

Fræna er største landbrukskommune mellom Stavanger og Trondheim, og den åttende største mjølkekommunen i landet.

M&R har vel 10 % av mjølkeproduksjonen i landet. Produsert mengde har gått ned frå 156 mill liter kumjølk i år 2000 til 147,0 mill. liter kumjølk i 2017.

Buskapsstorleik mjølkekyr: 27,5 årskyr i 2017. (Var 14,0 årskyr i år 2000)

Kumjølkprodusentar: 759 og 20.874 mjølkekyr (2017). I år 2000 var det 2.081 mjølkebruk og 29.098 mjølkekyr.

Over 63 % av kumjølkebruka har lagt ned produksjonen dei siste 17 åra. Mjølkeproduksjon står for meir enn halvparten av samla verdiskaping frå landbruket.

Geitehald: Produsert 2,8 millionar liter geitmjølk på 27 bruk. M&R har 13 % av produksjonen og geitene i landet. Stranda er landets største kommune i liter levert geitmjølk.

Samdrifter i mjølkeproduksjonen: 97 med tilsaman 296 medlemsbruk (mars 2017). Vel 30 % av mjølka vert produsert i ei samdrift. M&R er fjerde største fylket for tal samdrifter.

Kjøtproduksjonen av storfekjøtproduksjonen utgjer vel 10% av landsproduksjonen. Kjøttproduksjonen i fylket har gått ned frå 12.200 tonn i 2002 til 11.200 tonn i 2017. Av dette 6.800 tonn storfe, 2.600 tonn svin, 1400 tonn sau, 176.000 kilo fjørfe og 37.000 kilo geit/kje.

Tal ammekyr: 4.200 (4,5 % av landet) på 306 bruk (2017)

Svinehald: 1.093 avlspurker (2,3 % av landet) på 39 bruk.

Hønsehald: 137.450 høner (3,1 % av landet) på 145 bruk.

Sauehald:  M&R har 56.600 vaksne sauer og 1.064 sauebruk. Dette er 6,0 % av sauene og 7,4 % av sauebruka i landet. Talet på sauebruk har gått ned frå 2.271 i 1991 til 1.064 i 2017. Gjennomsnitt for sauebruka var 37 vaksne sauer i 2002 og 53 vaksne sauer i 2017

Jordbruksareal i drift: 538.000 dekar (5,5% av landet).

Vel 10 % av jordbruksarealet i M&R har gått ut av drift sidan år 2000. Over 96 % av fylkets areal vert brukt til grovfôrproduksjon. Vel 20 % av fylket sitt totalareal er jordbruksareal og produktivt skogbruksareal.

Kornproduksjon: 12.300 dekar, av dette 4.700 dekar i Surnadal, 2.000 dekar i Sunndal, 1800 dekar i Rauma og i Fræna. Kornarealet i fylket er nesten halvert på 10 år.

Bærarealet ligg på 1.080 dekar.  Norddal kommune står for 65 % av arealet, og har 50 % av landets industrijordbær. Norddal har verdas nordlegaste yrkesfruktdyrking, og er dominerande på fruktdyrking i fylket.

Potet: Sunndal har 78 % av fylkets potetareal på 1.848 dekar, og er kjent for dyrking og pakking av varemerket Sunndalspotet

Gulrot og matkålrot blir produsert på Smøla på oppdyrka mosemyr. Smøla har 95 % av arealet av grønnsaker i fylket.

Skogbruksnæringa i fylket består av mange mindre  eigedomar. Hogsten er mindre enn tilveksten. Årleg avverking av tømmer dei siste åra har vore i underkant av 100.000 kubikk, medan uttaket kunne ha vore  rundt 300.000 kubikk.

Over halvparten av kommunane har eige landbrukskontor.

Gjennomsnittsalderen for brukarane i M&R er 54 år. 20 prosent av brukarane er over 62 år. 17 prosent er kvinner.

Gardsmat: Rundt 50 gardsbruk foredlar sjølv eigenprodusert mat. Produkta blir seld på Bondens Marknad, messer, eige gardsutsal. Gardsmeieri er m.a. Tingvollost og Derrinngarden. Bransjeorganisasjonen ”Hanen” for leverandørar av lokal mat og bygdeturisme, har vel 30 medlemmer i Møre og Romsdal.

Om lag 30 bønder i fylket er godkjente Inn på tunet bønder eller sel velferdstenester på gardsbruk.

Landbruket er ei viktig næring for busetting og står for meir enn ein tidel av sysselsettinga i 7 av 36 kommunar. I 20 av kommunane utgjer bøndene samla sett ei stor bedrift på mellom 100 og 300 arbeidsplassar Eitt årsverk i landbruket sysselset ein til to personar i andre næringar som transport, foredlingsindustri, bygg, verkstad, rettleiing og handel.

Gjermundnes VGS Landbruksskule i Vestnes, eigd av M&R fylkeskommune, har i over 100 år vore eit senter for landbruksutdanninga. Skulen har årleg om lag 120 elevar. Skulen tilbyr nettbasert agronomutdanning frå og med 2017.

Økologisk produksjon har mindre omfang i fylket. I 2017 vart 3,9 % (17.369 dekar) av jordbruksarealet drive økologisk av 111 produsentar. (5,4 % av landets økologiske gardsbruk.) Sykkylven er av dei større økologiske kommunane i landet.

NORSØK / NIBIO på Tingvoll er det tyngste miljøet i landet for økologisk landbruk.

I 2017 er det 17 pelsdyroppdrettarar med 2.000 minktisper og 2.250 revetisper. Størst pelsdyrmiljø er i Norangsdalen i Ørsta.

TINE har fire anlegg i Møre og Romsdal:

  • Elnesvågen med 65 tilsette produserer flaggskipet Jarlsberg, og Sveitserost, Nøkkelost, Innherredsost og Fløtemysost.
  • Tresfjord med 21 tilsette produserer Port Salut og er einaste i landet på Ridderost. 
  • Ålesund med 89 tilsette er einaste i landet som produserer Iskaffe. Avdelinga tappar konsummjølk, og produserer Piano dessertar, sausar og andre langtidshaldbare varer.
  • Ørsta-anlegget med 51 tilsette er åleine i landet om å produsere flaggskipa Edamer og geitosten Snøfrisk. I tillegg produseres Kremost, Norvegia, Norbo og Søst.

Felleskjøpet Agri har avdelingar i Molde, Elnesvågen, Åndalsnes, Sunndalsøra, Kristiansund, Halsa, Surnadal, Ålesund og Ørsta.

Felleskjøpet eig kraftfôrfabrikken Møre og Romsdal Kornsilo i Vestnes.

Røv Mølle AS har kornmottak og kraftforblanderi i Surnadal.

I fleire kommunar er det private maskinfirma innan landbruket.

Slakteri: Øre Vilt i Gjemnes. Sylte Gardsslakteri AS i Surnadal. Ole Ringdal AS på Hellesylt. Ytre Nordmøre Slakteri AS i Kristiansund. Kjøtforedling også ved:  Kløverkjøtt AS i Vestnes. Stranda Spekemat AS. Tind Spekevarer AS.

(Pr 10. april 2018)

Dette skjer i Møre og Romsdal Bondelag

Onsdag
26
September

Styremøte M&R Bondelag

Torsdag
04
Oktober

Styretur M&R Bondelag

Onsdag
21
November

Tema- og skattekurs for regnskapskontor

Kristiansund

Våre samarbeidspartnere