- Garden eg har drive i 25 år har vore i farsslekta mi sidan 1100-talet. Eg driv i samdrift med naboen, og for nokre år sidan sette me oss ned og vurderte kva me skulle gjere vidare. Begge to hadde sletne fjøs og noko måtte gjerast. Etter nøye vurderingar bestemte me oss for å byggje nytt og restaurere den eine driftsbygninga. Eg trudde det skulle bli fint å jobbe i eit nytt fjøs, men skilnaden er rett og slett fantastisk. Det er mykje lettare for kroppen å jobbe med den nye mjølkestallen, og eg kan leggje opp dagane annleis med det moderne utstyret. Både kyrne og eg har funne ein god rytme, og kalvane har det mykje betre i det nye fjøset. Dette kan eg halde på med til eg blir gammal.

Det er ein lang prosess som ligg bak eit nytt fjøs, og det har sin pris. Eg tenkte undervegs om det var rett å satse, men eg har ansvar for å forvalte denne garden. For min del er det ein stor motivasjon i å drive når eg veit at sonen min vil ta over. Det gjev meg energi. Eg har også fått ein lettare kvardag og meir tid til familien etter at eg begynte å drive i samdrift. Fjøset ligg no sånn til på garden at det er enkelt for neste generasjon å utvide og få inn mjølkerobot om dei ønskjer det. Det er mange måtar å drive gard på, men det viktigaste er resultatet: Gode råvarer ut til forbrukarane. Eg er belasta med ei sterk tru på norsk landbruk. Å produsere mat er like høgaktuelt i dag som då eg starta opp.